topnav left.png
topnav right.png
lom nasjonal.png
mainmenu left.png
Svart på hvitt - normalt Gult på svart - invertert Svart på gult
A A A
mainmenu right.png

Liv i Lom-fondet

Barn med Liv i Lom t-skjorterBrenn du for utvikling i Bøverdalen? Eller ynskjer du å tene pengar på kultur? Er svaret ja på eitt av desse spørsmåla kan du søkje om støtte hjå Liv i Lom-fondet.

Retningsliner for Liv i Lom-fondet

-Utviklingsrådet tilknytt Liv i Lom-prosjektet fordeler midlane i Liv i Lom-fondet.

- Ordninga med eit Liv i Lom-fond vert prøvd ut hausten 2009. I etterkant bør det gjerast ei evaluering innan utgangen av april 2010. Om ordninga er vellukka tek ein sikte på å oppretthalde eit Liv i Lom-fond ut prosjektperioden for Liv i Lom.

- Prosjektleiar gjennomfører ei førebels evaluering på grunnlag av innkomne søknader, med tanke på om dette tiltaket skal inn på budsjettet for Liv i Lom for 2010. Dette kan eventuelt omgjerast, dersom Utviklingsrådet ikkje er einige i evalueringa til prosjektleiaren.

Retningsliner for støtte til bulyst og trivselsfremjande tiltak i Bøverdalen

Utviklingsrådet fordeler støtta med bakgrunn i dei søknadene som kjem inn. Stønad til bulyst og trivselsfremjande tiltak i Bøverdalen vert finansiert med sentrale Bu-midlar frå Landbruks- og matdepartementet. Midlane er øyremerka tiltak i Bøverdalen.

Kven kan søkje:

 Friviljuge organisasjonar og lag.

 Samanslutting av privatpersonar.

 Samarbeidskonstellasjonar mellom ulike aktørar (t.d. verksemder, friviljuge organisasjonar, landbruksorganisasjonar mfl.)

Kva vert det gjeve stønad til:

 Bulyst og trivselsfremjande tiltak som kjem Bøverdalen til gode.

 Det kan gjevast støtte til allmenne aktivitetar, arrangement eller andre utviklingstiltak.

 Tiltak som gjer Bøverdalen meir attraktiv for næringsutvikling og busetjing vert prioritert.

Retningsliner for støtte til kulturbasertnæringsutvikling

Utviklingsrådet fordeler støtta med bakgrunn i dei søknadene som kjem inn.

Kven kan søkje:

 Personar som ynskjer å utvikle næring basert på kulturelle uttrykk, eller ynskjer å starte verksemder basert på kultur.

 Verksemder som ynskjer å starte eller vidareutvikle produksjon av nye produkt eller tenester baserte på kultur.

Kva vert det gjeve stønad til:

 Prosjekt, aktivitetar, tenester eller produkt baserte på kultur.

 Det vert lagt vekt på aktiv kulturformidling, originalitet og nytenkjing med røter i kulturen. Unge søkjarar i etableringsfasen vert prioritert.



  • Tips en ven