Dramatisering_800x600

Mottaket i barnehagen er viktig

Det siste halvåret har barnehagane i Lom arbeidd målretta for at barn og foreldre skal bli enda meir tilfredse med måten dei blir teke imot på i barnehagen. På felles planleggingsdag i november delte dei på kreativt vis kunnskapar og erfaringar, gjennom både sang, rollespel og digitale presentasjonar. Nå skal foreldre vere med å evaluere i kva grad mottaket har vorte betre.

Glade gutar på tur

Loar barnehage

Visjon for Loar barnehage er:

GODE SAMAN!

I det legg vi:

Barn og vaksne skal gjere kvarandre gode.
Vi vil dra lasset saman og styre i same retning.
Saman får vi til ting som vi ikkje kan klare kvar for oss!