Elevane i 6. og 7. klasse feirar sigeren i Tinestafetten

Elevane i 6. og 7. klasse feirar sigeren i Tinestafetten

Loar skule gjorde reint bord under Tinestafetten!

Skulen stilte med lag frå 6. og 7. klasse, det vart siger i begge klassar. I tillegg vert det delt ut publikumspris, ein pris Loar skule har tradisjon for å få. I år var ikkje eit unntak, publikumsprisen gjekk og til Loar!

Stemninga var stor både før, under og etter stafetten: elevane synte samhald og idrettsglede til stor glede for dei frammøtte foreldra som det var mange av. Lom kommune ynsker å gratulere Loar skule så mykje, vi er stolte av denne prestasjonen!

Tinestafetten:

  • Den største stafetten i verda
  • Oppretta i 1993
  • Til saman har deltakarar sprunge 276 548 km
  • Det er over halvvegs til månen!

Kjelde: https://www.tine.no/tinestafetten/

Tips ein ven Skriv ut