Løyve til kraftutbygging i Smådøla

AS Eidefoss har i dag fått løyve til å utnytte fallet i Smådøla for bygging av Smådøla kraftverk. Smådøla har utløp i innsjøen Tesse i Lom kommune. Årleg produksjon er rekna til nær 47 GWh etter pålagt minstevassføring.
- I tillegg til eit betydelig bidrag i utbygginga av fornybar energi, kan denne utbygginga gje verdiskaping og positive ringverknader i lokalsamfunnet. Her blir det auke av lokale investeringar og av aktiviteten for det lokale næringslivet, seier olje- og energiminister Ola Borten Moe i ei pressemelding.

Utbyggingsområdet ligg i høyfjellsnatur.

Departementet er derfor opptatt av å få redusert skader på vegetasjonen som oppstår. - Erfaring frå andre prosjekt har vist at sår frå anleggsarbeidet kan minimerast gjennom god detaljplanlegging. Dersom det vert lagt vekt på å gjøre inngrepa i terrenget minst mogleg og med gode landskapsmessige utformingar, er eg trygg på at omsynet til landskap og friluftsliv vil bli tilstrekkelig ivaretatt, seier olje- og energiministeren.
Tips ein ven Skriv ut