Skjermbilde 2016-02-11 kl

Resultata frå brukarundersøkinga er lagt fram:

Lom - best i landet på fleire felt!

Resultata frå brukarundersøkinga 2014 er no lagt fram, det inneber opplyftande lesnad for Lom kommune: Vi er best i landet på fleire felt!

Nord-Gudbrandsdalen gjer det godt generelt i brukarundersøkinga, som er eit viktig faktagrunnlag for å bli enda betre når det gjeld kvaliteten på tenestene våre.

Toppar lista tre stader

Lom kommune har det gildaste resultata i heile landet når det kjem til desse tenestene:

Norgesmestfornøyde.png

Kommuneforlaget viar kommunene i Nord-Gudbrandsdalen stor spalteplass, og peiker mellom anna på at det nok kan vera ein liten drakamp mellom Lom og Skjåk, når det kjem til det å vera best. Gode kommunale tenester er ikkje eit unntak! 

Kommuneforlaget sitt vedlegg til resultata kan du lasta ned her(PDF)

 

Skjermbilde 2016-02-11 kl
Henta frå Kommuneforlaget sitt vedlegg

Administrasjonssjefen takkar dei tilsette

Administrasjonssjef Ola Helstad kommenterer dei gode resultata: Attendemeldingar i form av slike resultat er gode å ha med seg i arbeidskvardagen, der eit fokus er å bli betre heile tida. Det er ein kultur i Lom for å ikkje bli ferdig, men å jobba vidare for å bli betre.

 

Administrasjonssjef Ola Helstad

"Eg er jo strålande fornøgd med at andre vurderer oss slik som det går fram av denne artikkelen!  Ein stor takk til folkevalde som har vore med på dette!"

 

 

Alle bilde er henta frå Kommuneforlaget sitt vedlegg

Tips ein ven Skriv ut