Lom bygdamuseum søkjer etter sommartilsette for sesongen 2014

Jobben som sommartilsett inneberer ansvar for å opne og stengje museet, formidle kulturhistorie gjennom omvisingar og andre aktivitetar, samt billettjeneste og litt reinhald. Det er eit variert arbeid og du kan sjølv få vere med å lage formidlingsopplegg.

Vi søker etter tilsette som:

  • er interessert i historie

  • kan arbeide sjølvstendig

  • er utadvendte og liker å formidle

  • har gode språkkunnskapar (min. norsk og engelsk)

  • har kjennskap til dyrestell

Museet er ope tysdag – søndag frå 24. juni – 10 august. Arbeidstid vil vera 10.30-16.30. Det er ikkje naudsynt å kunne jobbe heile perioden for å søkje.


Synes du dette høyres ut som en jobb for deg? Send ein kortfatta søknad med CV til:

thea.dalen@gudbrandsdalsmusea.no. Du kan også sende pr. post til Gudbrandsdalsmusea, avd. Lom bygdamuseum, postboks 5, 2688 Lom eller komme innom kontoret på fjellmuseet.

Har du spørsmål om stillinga ring Thea G. Dalen på tlf. 47 45 15 23

Tips ein ven Skriv ut