Framside/Tenester til deg/Kultur og fritid/Lom bygdamuseum
Julemarknad i Presthaugen 5

Julemarknad i Presthaugen 5. desember

06. november 2015

Den fyrste laurdagen i desember er det klart for årets julemarknad i Presthaugen. Det vil bli mykje aktivitet for både store og små, matservering, mange utstillarar, demonstrasjonar, underhaldning, eventyrstund og fotoutstilling. Nissen kjem nok i år også, og vi håper dagen kan by på skikkeleg julestemning. Du er velkomen den 5. desember, kl. 10-14! Arrangørar er Gudbrandsdalsmusea, Lom friviljugsentral og Lom kommune

Har du noko du ynskjer å selje? Da må du gjerne ta kontakt med oss innan 25. november. Det er heilt gratis å ha stand. Ta kontakt på julemarknad_lom@hotmail.com, eller telefon 474 51 523 (Linda Trøen, for Lom bygdamuseum). 

 

For meir informasjon om julemarknaden, sjå www.livilom.no eller på facebook: Julemarknad i Lom

Jørn syner fram produksjon av sandformer

Onsdag 8.juli: Aktivitetsdag i Lom Bygdemuseum

09. juli 2015

Gudbrandsdalsmuseet, Lom Kommune og Lom Friviljugsentral arrangerer aktivitetsdagar kvar onsdag i juli, fram til onsdag 5. august.

Plakat om Hans Lilleødegård utstilling på Lom bygdamuseum

Utstillingsopning på Lom Bygdamuseum

Laurdag 21. juni kl. 14

16. juli 2014
Utstillinga " Stor kunstar i lite format" har offisiell opning førstkommande laurdag kl. 14 i stallen på Lom Bygdamuseum. Utstillinga handlar om småbrukaren og treskjeraren Hans Lilleødegård frå Lom. Gjennom bileter, tekst og ikkje minst gjenstandar blir ein kjent med personen og kunstnaren. Det blir lett servering og underhaldning med Knut Kjøk i samband med opninga. Utstillinga er eit samarbeid mellom Gudbrandsdalsmusea og Kjøkfamilien.
Bilde av elever som arbeider med troemne

Materialkunnskap og trohogging på timeplanen

12. mars 2014

Fredag 21. februar hadde elevane ved klasse 1BA ved Nord- Gudbrandsdalen vidaregåande skule avd. Lom ein annerleis skuledag ved Lom bygdamuseum.

Tunet på Lomgarden ein vakkert sommardag

Velkomen til eit triveleg besøk på Lom bygdamuseum

07. februar 2014

Lom Bygdamuseum er eit friluftsmuseum med 22 bygningar frå 1600-1900 talet. Museet ligg i grøne omgjevnader i Presthaugen, berre 300 meter frå Fossbergom, sentrum i Lom.

Ved inngangen til museet kan du besøke eit av Noregs største stabbur, Storstabburet frå 1613. Dette var tidlegare kornmagasin på prestegarden i Lom, men inneheld i dag ei permanent utstilling om den særeigne vatnings- og dyrkingskulturen i Lom.

Museet har ellers tre tun, ein storgard, ein husmannsplass og ei seter, i tillegg til ei skolestue frå Galde i Bøverdalen. I sommarsesongen bidreg ein rekke frivillige frå lokale lag og foreiningar i aktivitetar på museet. Dei synar mellom anna fram tradisjonshandverk, gamaldags gardsarbeid, dans, sang og bakst. Her er det moglegheiter for smaksprøver og ein prat om livet før og nå over ein kopp med kaffi.

Opningstider 2014
Frå 24 juni til og med 10 august: tysdag - søndag kl. 11- 16
Ellers i året: Etter avtale

Omvisingar:
Vi arrangerer omvisingar for små og store grupper heile året. Ta kontakt for pris og tema.

Utleige:
For leige av bygningar kontakt Gudbrandsdalsmusea v.Thea G. Dalen
For leige av uteområdet med scene kontakt Lom kommune

Kontaktinformasjon:
Thea G. Dalen, tlf 474 515 23, thea.dalen@gudbrandsdalsmusea.no

Sjå heimesida for meir informasjon om arrangement http://www.gudbrandsdalsmusea.no/avdelingar/lombygdamuseum/info.aspx

Lom bygdamuseum søkjer etter sommartilsette for sesongen 2014

07. februar 2014

Jobben som sommartilsett inneberer ansvar for å opne og stengje museet, formidle kulturhistorie gjennom omvisingar og andre aktivitetar, samt billettjeneste og litt reinhald. Det er eit variert arbeid og du kan sjølv få vere med å lage formidlingsopplegg.