The stranger

The stranger

The Stranger - integrering gjennom storytelling

Lom folkebibliotek med i EU-prosjekt

For eit års tid sidan søkte biblioteket om å få vera med i EU-prosjektet The Stranger. Dette er eit prosjekt der integrering og det å hindre framandfrykt overfor menneske med anna etnisk bakgrunn enn norsk, er målet. Prosjektet nyttar metoden storytelling eller historieforteljing, for å nå måla. Saman med Oppland fylkesbibliotek og Arbeidsforsknikngsinstituttet, representerer biblioteket i Lom Norge i prosjektet. I haust blir også biblioteket på Holmlia i Oslo med. Dei andre landa som deltek er Italia, Tyrkia og Storbritannia med representantar frå Nord-Irland.

Målet med prosjektet The Stranger er å betre integrering og å byggje ned og hindre framandfrykt gjennom å bruke historieforteljing som metode. Når vi fortel historiar og får innsyn i andre sine liv, kan dette føre til auka forståing, attkjenning og større respekt. Det er oppretta ei arbeidsgruppe der vaksenopplæringa i Lom, Skjåk og Vågå og friviljugsentralen i Lom er med. Så langt har prosjektet hatt 5 samlingar der folk med innvandrarbakgrunn frå dei tre kommunane har blitt inviterte. Fyrste samling var ei oppstartsamling med informasjon om prosjektet. Lokale musikarar og historieforteljarar var med og fortalte korte historier frå eigne liv. Målet var å motivere innvandrarane til å bli med vidare i prosjektet.

DSC07012.JPG

Dei neste samlingane har hatt ulike tema for forteljingane som ein ting, ein aftan for berre damer der forelsking og kjærleik var tema, ein aftan for menn der røvarhistorier var tema og ei samling der song og musikk stod på programmet. Talet på deltakarar har variert frå 5 til bortimot 20 etter tema og målgruppa for samlingane. Dei fleste som har vore med, har fortalt lengre eller kortare historier frå eigne liv og lært bort songar på morsmåla sine.

Prosjektet skal ende opp med ei bok eller eit hefte der forteljingar frå alle deltakarlanda blir samla. I tillegg kan historiene presenterast munnleg på skular, arbeidsplassar eller på temakveldar på biblioteket. Kanskje blir det laga bannarar med bilete og ei kort forteljing til, som kan brukast til utstillingar på bibliotek eller andre institusjonar. Det har også blitt ytra ynskje om at samlingane skal fortsetja og bli opne for alle etter at prosjektet er over.

Neste veke reiser Merete Byrøygard og Rita Mundal frå Lom folkebibliotek til Italia for å vera med på arbeidsmøte der. Prosjektet blir offisielt avslutta våren 2014, men bibliotekarane og arbeidsgruppa håpar å sjå positive effektar av prosjektet også etter at prosjektperioden er over.

Tips ein ven Skriv ut