Framside»Tenester til deg»Helse og rehabilitering»Lom Fysioterapi
active-19413_1280

Lom Fysioterapi

Fysioterapi består av helsefremjande og førebyggjande arbeid. Målet er gjennom tilrettelegging, trening og behandling å oppnå best mogleg funksjon i forhold til skade eller funksjonssvikt.

"Hensikta med fysioterapi er å optimalisera livskvalitet og bevegelsespotensial innanfor helsefremjande, førebyggjande, behandlande og rehabiliterande/habiliterande verksemd." Les meir om fysioterapi her.

Tenesta kan innehalde: * Undersøking * Behandling * Rettleiing

  • Målgruppe for tenesta

    • Personar med funksjonsnedsetjing, sjukdom, skade eller muskulære plager. Personar med behov for forebyggjande tiltak. Fysioterapitenesta har eit tett samarbeid med helsestasjon, barnehage og skule om barn med spesielle behov, og med Lom Helseheim om brukarar med behov for fysioterapi.
  • Slik får du tenesta

    • For behandling trengs ei tilvising frå lege, sjukehus eller institusjon.
    • Skule, barnehage, helsestasjon og jordmor kan tilvise til vurdering.
    • Du kan sjølv ta kontakt for ei enkelt undersøking eller rettleiing.
  • Pris

    • Prisen bli fastsett av Helse- og Omsorgsdepartementet med heimel i Lov om folketrygd. Alle som går til behandling hos fysioterapeut må betale eigendel frå 1.januar 2017, med unntak av born under 16 år og personar som får behandling for godkjent yrkesskade. Utgifter til fysioterapi kjem inn under "Eigendelstak 2" (kr 1.990,- i 2017).

  • Kontakt

    • Synne Skogsrud Bjørgen: synne.skogsrud@lom.kommune.no

      Janne Steinert Myhre: janne.steinert.myhre@lom.kommune.no

      Liv Grønli Turtum: liv.turtum@lom.kommune.no

       

       

  • Kontakt telefon

    • 481 65 520, 481 65 521
Tips ein ven Skriv ut