20170823_083200

Lom helseheim deltek i sykkel-VM for eldre

Med drikke i fine glas og flott fingermat var det god stemning på Lom helseheim under opningsseremonien for sykkel-VM for eldre.

VM er i gang!
VM er i gang!

Eldresenter og sjukeheimar over heile landet deltek i konkurransen om å sykle lengst i VM-perioden som strekker deg frå 21. august til 1. oktober. Det er i anledning sykkel-VM i Bergen at firma MOTiTECH (motivasjonsteknologi) arrangerer sykkel-VM for eldre. Ved hjelp av ein terapisykkel, ein data og ein tvskjerm kan bebuarane dra på sykkelturar i inn- og utland frå stua på helseheimen.

For tida er Island og Lofoten populære reisemål, men dei lokale innspelingane frå Lom, Skjåk og Vågå er også flittig nytta. Motivasjonen for sykling er god og det er per nå nærare 15 VM-deltakare. Som idrettsutøvare flest så er sponsorane på plass. Ulike lokale bedrifter (om det er lov til å nemne namn vil vi gjerne takke Kiwi, Rema 1000, Coop Ekstra og Bakeriet) sponsar med premier og kvar veke trekkast det ut ein heldig vinner. Under opningsermonien var det snorklipping ved ordfører Bjarne Eiolf Holø og den fyrste sykkelturen i VM-perioden gjekk sjølvsagt til Bergen. Det var pengar frå gåvenemnda som gjorde det mogleg for Lom helseheim å kjøpe ein MOTiview sykkel og sykkelen har gjeve grunnlag for auka fysisk aktivitet og moglegheit til å delta i VM. 

Så langt har nærare 20 eldre delteke i VM! Lukke til vidare!

Det blir sykla jamnt og trutt under VM
Det blir sykla jamnt og trutt under VM
Tips ein ven Skriv ut