Det blir sykla jamnt og trutt under VM

Lom helseheim på 13. plass i sykkel-VM for eldre!

Lom helseheim har delteke i sykkel-VM for eldre! Startskottet gjekk 21. august og sidan da har det vore sykla jamt og trutt ved Lom helseheim.

Det oppstod etter kvart kø av ivrige syklarar til den einaste Motivew – sykkelen og det vart behov for å kjøpe ein sykkel til! Ved sidan av at deltakarane har fått morsjon gjennom å sykle, har det vorte skapt ein ny møteplass for bebuarane. Bebuarar som ikkje sjølv har sykla, har sett pris på å sjå filmane. Det er flott og saman kunne «reise» rundt i verda, i Norge og i Lom gjennom filmane og få felles opplevingar. Deltakarane i Lom har sykla 719,8 km til saman!  Konkurransen hadde totalt 1150 deltakarar fordelt på 60 lag og det har vore sykla i alt 29577 km!

Lokale verksemder har sponsa deltakarane i Lom med premiar og kvar fredag har det vore trekning blant deltakarane. Det vart servert eiga sykkel-VM kake og det var høgtidleg utdeling av medaljar til deltakarane under Lom helseheim sin årlege haustfest i går kveld.

Lom helseheim vil takke Gåvenemnda og Nyrnes-legatet som gav pengar til kjøp av Motiview-syklar og til verksemder i Lom som har sponsa oss med gevinstar; Rema 1000, Kiwi, Coop Extra, Fjell og fritid og Bakeriet i Lom.

Resultatlista og meir informasjon finn de på Motitec sine nettsider(LENKE)

Vi planlegg mykje sykling framover og gler oss til sykkel-VM i 2018! Sykling er topp!

Tips ein ven Skriv ut