Gammebanken(foto: Eiendomsmegler1)

Gammebanken(foto: Eiendomsmegler1)

Lom kommune har kjøpt «Gammelbanken»!

Lom kommune har kjøpt «Gammelbanken». Ordførar Bjarne Eiolf Holø orienterer om at Lom kommune fått tilslaget på eigedommen, som og har gått under namnet Kyrkjelydshuset, etter ei hektisk bodrunde.  Gammelbanken er ein spanande bygning som ligg midt i smørauga i Lom sentrum.  Det er knytt mykje historie til eigedommen, samstundes representerer tomt og bygning eit utviklingsgrunnlag, seier ordførar. Som næraste granne til Fjellmuseet, Storstabburet og Presthaugen og med stutt avstand til Loarområdet og sentrum elles ser kommunen verdien i kjøpet.  Det er ikkje umiddelbare planar for disponering  av Gammelbanken.  Kjøpet er såpass ferskt at vi har ikkje fått tid til å sette oss ned for å drøfte korleis bygning og tomt skal vidareutviklast, seier ordførar.  Sjølv om prisen vart ein del høgare enn takst meiner eg dette er ei god framtidsinvestering for Lom kommune held han fram.

Kommunestyret skal gjera endeleg avgjerd om kjøp i kommunestyremøte fredag 11 september. Grunnlag for interessa for kjøp har vore nøye drøfta i formannskapet og eg kjenner meg trygg på at kommunestyret stiller seg bak dette, avsluttar ordførar.

Tips ein ven Skriv ut