Torill og Kåre Vole frå Krossbu turiststasjon flankert av ordførar Simen Bjørgen og brannsjef Atle Festervoll

Torill og Kåre Vole frå Krossbu turiststasjon flankert av ordførar Simen Bjørgen og brannsjef Atle Festervoll

Får prisen for planmessig forbetring av branntryggleiken

Lom kommune sin brannvernpris til Krossbu turiststasjon

- Dei oppdaga eit branntilløp fordi gjestar tørka klede over ein varmeomn, sa brannsjef Atle Festervoll da Krossbu turiststasjon fekk tildelt branntryggleiksprisen frå Lom kommune. Etter det, har dei lagt gode planar, dei følgjer planane og dei har investert mykje over fleire år for å betre branntryggleiken. Eg er verkeleg imponert over innsatsen på Krossbu sa Festervoll.

Store investeringar

Brannsjef Atle Festervoll peika på at Krossbu turiststasjon har løfta branntryggleiken langt utover minstekrava i forskriftene. - Dei har investert mykje i branntryggleiken, sa Festervoll. Dei har lagt opp vassbåren varme slik at gjestar ikkje lengre kan tørke klede på omnar, dei har installert moderne vasståkeanlegg for sløkking av brann og dei har gjort ombyggingar for å hindre at brann skal spreie seg i bygningane. Dei har eit godt gassanlegg med ein skikkeleg plan for vedlikehald. Det er på veg store endringar i brannforskriftene, men Krossbu har alt på plass også etter nye forskrifter, sa ein imponert brannsjef under tildelinga av prisen.

God hjelp og rådgjeving frå brannvesenet

Torill og Kåre Vole har drive Krossbu turiststasjon i 20 år. - Da vi starta var det eit brannklokke system og to brannslager, sa Torill Vole. Vi starta med enkle tiltak som å tette opningar for å hindre brannspreiing, sette opp brannvarslarar i alle rom og få på plass sløkkeutstyr. Etter kvart har vi fått på plass brannvarslingsanlegg som syner kor det er brann og vi har hatt branntryggleiken i tankane ved alle ombyggingar. Vi har og investert i moderne sløkkeanlegg og vasstank på 5.000 liter. - Eg må peike på den gode hjelpa og rådgjevinga vi har fått frå brannvesenet, sa Kåre Vole. Dei har vore ein samtalepartnar som har gjeve oss gode råd i samband med prioritering og planlegging av tiltak. Arbeid for betre branntryggleik blir vi aldri ferdige med, sa Vole. Det neste vi skal gjera er å få på plass ein ekstra nødutgang frå annekset, og vi held på med å planlegge nye tiltak for dei neste åra.

Spesiell utfordring med turistanlegg høgt til fjells

Ordførar Simen Bjørgen peika på at vi har ei spesiell utfordring med dei mange turistverksemdene høgt til fjells. - Om vinteren er det vanskeleg og til tider umogleg å halde vegane opne, og det er avgjerande viktig at desse verksemdene tek det førebyggande arbeidet på alvor, sa Bjørgen. Krossbu turiststasjon har verkeleg gjort det, og er ein verdig vinnar av Lom kommune sin pris for branntryggleik.
Tips ein ven Skriv ut