Lom kommune vert med i omdøme-prosjekt

Lom kommune er saman med sju andre kommunar/fylkeskommunar plukka ut til å vera med i KS sitt omdømeprosjekt "Attraktive arbeidsgivere".
40 kommunar/fylkeskommunar hadde søkt om å få delta i prosjektet som vert gjennomført i 2010. KS – kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon – har gjort utveljinga på grunnlag av svært gode søknader og høge ambisjonar.

Kommunesektoren som attraktiv arbeidsplass

Målet for prosjektet er å generera kunnskap og røynsle samt utvikla og ta i bruk verkemidlar som den einskilde kommune og andre KS-medlemer kan nytta i lokal omdømebyggjing. KS ønskjer på si side å nytta kunnskapen i nasjonal omdømebygging av kommuesektoren som ein attraktiv arbeidsplass. Deltakarkommunane skal vera med på fire fagsamlingar i 2010 der kvar kommune deltar med sentrale personar.

Desse er med i omdømeprosjektet

- Austrheim kommune
- Bærum kommune
- Fjell kommune
- Fredrikstad kommune
- Kongsberg kommune
- Lom kommune
- Møre og Romsdal fylke
- Vestvågøy kommune

Tips ein ven Skriv ut