Dagsenter for heimebuande personar med demenssjukdom

Frå veke 8/2017 vil dagsentertilbodet for heimebuande personar med demenssjukdom bli  utvida til to dagar/veke, jf. Demensplan for Lom kommune 2016-2020. Dagsenteret har sju plassar.

Dagsenteret er for personar som bur heime, har demensdiagnose eller er under utgreiing for hukommelsessvikt. Brukar skal ha  nytte og glede av sosial stimulering og aktivitet i fellesskap med andre. Brukar må ha eit funksjonsnivå slik at vedkomande kan fungere med lett tilrettelegging i daglege gjeremål/ aktivitetar.

For å få plass på dagsenteret, må det søkjast om teneste ved å fylle ut søknadsskjema som gjeld kommunale pleie- og omsorgstenester. Tildelingskontoret for Lom og Skjåk handsamar søknaden og fattar einskildvedtak.

Du finn søknadsskjema på nettsida til Tildelingskontoret for Lom og Skjåk.

Det vert vurdert å innføre eigenandel for brukarane.

Målsetjinga for dagsentertilbodet er å gje brukarane ei oppleving av meiningsfulle aktivitetar, sosialt samver, trivsel og tryggleik. Aktivitetane skal vera med å halde funksjonsnivået til brukarane ved like. Tilbodet kan fungere som  avlastning for pårørande

Dagsenteret er ope tysdagar og torsdagar frå kl. 10 til kl. 14. Dagsenteret held stengt i høgtider og på heilagdagar.

Brukarane blir henta og bringa i kommunal bil.

Dagen tek til og blir avslutta med eit måltid og det vert lagt vekt på trimaktivitetar kvar dag .

Det er tre tilsette på dagsenteret; to helsefagarbeidarar  og ein spesialsjukpleiar. Det er to tilsette til stades kvar dag. Sjukepleiar har det faglege ansvaret. Dagsenteret ligg organisatorisk under heimesjukepleia.

Dagsenteret held til i «Pensjonatet» ved sidan av Lom helseheim.

Kontakt

Tildelingskontoret Lom og Skjåk
Tildelingskontor
Telefon 61 21 70 00
Mobil 948 48 724
  • Telefon avd. Skjåk: 948 48 724
  • Telefon avd. Lom: 905 62 291
 
Asta Runhild Turtum
Spesialsjukepleiar, demenskoordinator
Mobil 902 41 479

demenskoodinator@lom.kommune.no