Demenskoordinator

Som eit resultat av omstillingsprosessen i pleie og omsorgssektoren i Lom, er det frå 09.01.2017 oppretta 25 % stilling som demenskoordinator, jf. Demensplan for Lom kommune 2016-2020.

Det er spesialsjukepleiar Asta Runhild Turtum som er tilsett i stillinga og ho vil samarbeide tett med heimesjukepleia, ergoterapeut og fastlegane. Demenskoordinator vi samarbeide med andre aktuelle aktørar i kommunen og med spesialisthelsetenesta. Demenskoordinator er organisatorisk lagt under heimesjukepleia.

Demenskoordinator har koordineringsansvar for utgreiing/kartlegging og oppfølging  av personar med demenssjukdom. Demenskoordinator  vil saman med ovannemnde faggrupper, bidra til å sikre eit fagleg forsvarleg tilbod om utgreiing og kartlegging av personar med symptom på hukommelses- svikt, sikre at det blir gjeve tilbod om vurdering og oppfylging av heimesituasjonen hjå brukar med demensdiagnose, gje rettleiing og støtte til pårørande, sikre at aktuelle brukarar vert vist vidare til lege for om mogleg å få stilt diagnose på eit tidleg stadium og sikre at brukaren så tidleg som mogleg får tilbod om velferdsteknologi.

Utgreiing/kartlegging vert gjennomført gjennom bruk av standardiserte kartleggingsverkty frå Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse (www.aldringoghelse.no).

Det er utarbeidd eigen prosedyre for demensutgreiing i Lom kommune.

Demenskoordinator kan kontaktast av lege eller andre (til dømes pårørande eller heimesjukepleia),ved mistanke om demens. Demenskoordinator er tilgjengeleg kvar måndag. Legane kan ta kontakt via elektronisk melding.

Kontakt

Asta Runhild Turtum
Spesialsjukepleiar, demenskoordinator
Mobil 902 41 479

demenskoodinator@lom.kommune.no