Kva kan demenskoordiantoren hjelpa med?

Kjenner du nokon som gjer noko av dette?

  • Gløymer nylege hendingar?
  • Gjentek historier?
  • Er forvirra om tid og stad?
  • Har problem med å kjenne att folk?
  • Gløymer innlærte ferdigheiter?
  • Har fått forsterka personlegdomstrekk?
  • Har fått redusert dømmekraft?
  • Har problem med å klare seg sjølv i kvardagen?

Kvifor er demensutgreiing viktig:

  • Utelate andre sjukdomar som har demensliknande symptom
  • Vurdering av medisin
  • Leggje til rette heimesituasjonen for personar med demenssjukdom og deira pårørande
  • Sette i gang tiltak til rett tid og på rett nivå

Demenskoordinator

-ansvar for demensutgreiing av personar med hukommelsessvikt. Gjennomføre og koordinere kartlegging og oppfølging av personar med demens og deira pårørande.

Demenskoordinator kan tilby:

  • Samtale med pasient og pårørande i ei kartleggings- og utgreiingssamtale
  • Informere og kartlegge behov for hjelpemidlar som støttar hukommelse og kan medverke til auka tryggleik
  • Oppfølging av pasient og pårørande
  • Rettleiing til pårørande og helsepersonell

Kven kan ta kontakt med demenskoordinator?

  • Einskildpersonar, pårørande og vener kan ta kontakt
  • Helsepersonell
  • Fastlegar
  • Spesialisthelsetenesta

Demenskoordinator samarbeider med:

  • Ergoterapeut
  • Heimesjukepleia
  • Institusjon
  • Fastleger
  • Spesialisthelsetenesta

 

Demenskoordinator er tilgjengeleg måndagar.

Kontakt

Asta Runhild Turtum
Spesialsjukepleiar, demenskoordinator
Mobil 902 41 479

demenskoodinator@lom.kommune.no