Heimehjelp

Kommuna skal tilby praktisk bistand og opplæring i daglege, praktiske gjeremål til brukarar som har et særs hjelpebehov på grunn av sjukdom eller funksjonshemming. Personar som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv eller heilt avhengige av praktisk eller personleg assistanse for å greie daglege gjeremål, kan få tilbod om tenesta praktisk bistand/ opplæring.

Målgruppe for tenesta

Søkjarar som på grunn av alder, funksjonshemming, sjukdom eller andre årsaker har eit særleg behov for praktisk hjelp i heimen til daglege gjeremål.

Slik får du tenesta

Lom og Skjåk tildelingskontor tildeler heimehjelp etter individuell kartlegging og tverrfagleg vurdering.

Pris

Heimehjelp og praktisk bistand/opplæring:

Mottakarar av heimehjelp og praktisk bistand/opplæring som ikkje er til personleg stell og eigenomsorg betaler for tenesta etter abonnementsordning.

Eigenbetaling skal betalast etter husstanden (ektefelle/sambuar) si samla skattbare nettoinntekt før særfrådrag. Den reelle inntekta skal leggjast til grunn dersom inntekta er vesentleg endra, dette må dokumenterast av brukaren.

Lovgrunnlag

Heimehjelp er ei lovpålagt teneste etter Helse- og omsorgstjenestelova § 3-2 fyrste ledd nr 6, bokstav b, og § 11-2 om rett til å krevja vederlag for kommunale helse- og omsorgstjenster. 

Forvaltningsloven.

Rett til å klage

Det er mogleg å klage på vedtaket, jmf. Forvaltningslova § 28. Rett klageinstans er Fylkeslegen i Oppland. Klaga skal sendast til Lom og Skjåk tildelingskontor innan 3 veker frå vedtaket er motteke. Lom og Skjåk tildelingskontor kan hjelpe deg med å skrive klaga.

Kontakt

Torbjørg Graffer Myrhaug
Heimetenesta
Mobil 975 06 860