Kvardagsrehabilitering

STREVAR DU MED Å MEISTRE AKTIVITETAR SOM ER VIKTIGE FOR DEG I DIN KVARDAG? 

Då er kanskje kvardagsrehabilitering noko for deg!

Kva er kvardagsrehabilitering?

Kvardagsrehabilitering er eit tilbod om intensiv kvardagstrening, tilrettelegging og støtte til meistring av daglege aktivitetar for heimebuande som har hatt eit fall i funksjon. Det overordna målet er å styrke brukaren i staden for  å tilby kompenserande og passiviserande tiltak. Tilbodet er gratis.

 

Eit tilbod til deg som

  • Bur heime
  • Har hatt eit brått eller gradvis funksjonsfall
  • Strevar med å meistre ein kvardagsaktivitet
  • Tar instruksjon og er interessert i å gjennomføre trening i eigen heim og nærmiljø
  •  

Dine mål i sentrum

Dersom kvardagsrehabilitering vurderast som hensiktsmessig får du innvilga ei rehabiliteringsperiode på seks veker. Saman med deg utarbeidast det mål for kva du syns er viktig å meistre i din kvardag.

 

Trening i heim og nærmiljø

Du får besøk av ein heimetrenar på vekedagar som hjelper deg med å trene mot dine mål. Du vil også bli oppmuntra til eigenaktivitet. 

 

Korleis søkje om kvardagsrehabilitering?

  1. Fyll ut behovsmeldingsskjema (PDF, 43 kB)
  2. Skjemaet sendast til Tildelingskontoret Lom og Skjåk, eller det kan leverast til heimesjukepleia. 

 

Behovet kan meldast av:  

  • Deg sjølv eller pårørande
  • Fastlege
  • Heimesjukepleia
  • Ergoterapeut
  • Fysioterapeut

Kontakt

Jorun Sperstad-Fjeld
Aktivitør
Mobil 476 11 557
Elin Jeanette Ulen
Leiar omsorgsteneste
Mobil 404 37 941
Tildelingskontoret Lom og Skjåk
Tildelingskontor
Telefon 61 21 70 00
Mobil 948 48 724
  • Telefon avd. Skjåk: 948 48 724
  • Telefon avd. Lom: 905 62 291