Trygdebustad

Heimebasert omsorg disponerer 6 trygdebustader. Trygdebustadene er romslege, men ikkje spesielt tilpassa funksjonshemma. I alle bustadene er det montert adresserbart brannvarslingsanlegg og full sprinkling i form av vasståkeanlegg, for å ta ivare branntryggleiken.

Bustaden blir tildelt etter vurdering av din livssituasjon. Søkjaren som blir prioritert, blir vurdert å ha størst behov. Bustaden er rein og i fullgod stand når du flytter inn. Nøkkel til bustad får du på kontoret i pleie/omsorgsavdelinga når du skriv under på husleigekontrakt.

Målgruppe for tenesta

Trygdebustadene passar til personar som har behov for betre buforhold og nærleik til servicetilbod.

Slik får du tenesta

Om du er interessert i å søkje kan du ta kontakt med pleie og omsorg.

Rett til å klage

Det er mogleg å klage på vedtaket. Klaga sender du attende til heimebasert omsorg innan 3 veker etter at du har motteke brevet. Vedtaket blir handsama på nytt. Dersom vedtaket blir oppretthalde, blir det sendt vidare til kommunene sitt klageorgan for endeleg avgjerd. Heimebasert omsorg kan hjelpe deg med å skrive klaga. Jamfør § 27-36 i Forvaltningslova.

Dette kan du vente av oss

  • Du får behandla søknaden din innan 3 veker etter søknadsfristen.
  • Du får vedtak om tildeling av trygdebustad.
  • Du får husleigekontrakt.
  • Du får feiing og renovasjon for 36 sekker i året inkludert i husleiga.
  • Du får utrykking etter eventuell utløysing av brannalarm.
  • Du får informasjon, råd og rettleiing etter behov.

Kontakt

Elin Jeanette Ulen
Leiar omsorgsteneste
Mobil 404 37 941