Tryggleiksalarm

Pleie og omsorg disponerer eit visst antal tryggleiksalarmar. Alarmen skal du alltid bera på deg, og trykkje på ved behov.

For å få tryggleiksalarm, må det føreliggje ein søknad om tryggleiksalarm til Lom og Skjåk tildelingskontor. Tildelingskontoret utfører sakshandsaming og fattar vedtak i tråd med kvalitetsstandardane for Lom kommune. Ved vedtak om tryggleiksalarm, vert heimesjukpleia kontakta. Heimesjukepleia fyller ut skjema over personalia og oversikt over pårørande i samråd med brukar. Vaktmeistertenesta reiser ut til kvar einskild brukar og koplar opp alarmen og testar alarmen mot vaktsentralen ved NGLMS.

Kvalitetsstandardar for tildeling av tenester i pleie og omsorg

Slik får du tenesta

Søknad på tryggleiksalarm kan sendast til Lom og Skjåk tildelingskontor.

 

Vedtak fylgjer forvaltningslova sine reglar for saksbehandling jamfør § 27-36.

Dette kan du vente av oss

  • Du får vedtak om tildeling av alarm innan ei veke etter motteke søknad.
  • Du får beskjed på telefon om tid for montering.
  • Du får alarmen din kontrollert 1 gong i månaden.
  • Du får montert nøkkelboks likt med alarmen.