Avlastning i institusjon

Avlastningsopphald i sjukeheim inneber: Eit døgnkontinuerleg pleie- og omsorgstilbod, som er tidsavgrensa. Regelmessig oppfølging av tilsynslege, og elles etter fagleg vurdering. Kontakt med spesialist og tannhelseteneste etter fagleg vurdering. Kontakt med fysio- og ergoterapiteneste etter fagleg vurdering. Hjelpa vert tilpassa den enkelte pasient ut frå faglege vurderingar. Tenesteinnhaldet skal utarbeidast i samarbeid med den enkelte pasient/pårørande.

Vidare kan vi tilby

Ulike aktivitetstilbod. Tilrettelegging av personlege merkedagar. Tilbod om frisør og fotpleie (betalingsteneste) Hjelp med søknad om logoped. Hjelp til innkjøp.

Målgruppe for tenesta

Avlastning er eit tilbod til deg som har langvarig og tyngande omsorgsansvar, og kan gjevast anten i heimen eller ved at den omsorgstrengande får eit opphald i institusjon.

Slik får du tenesta

Skriftleg søknad til Lom og Skjåk tildelingskontor

Søknadsfrist

Søknaden blir individuelt behandla. Tildeling skjer på tverrfagleg inntaksmøte kvar tysdag. Du får skriftleg melding om vedtak.

Pris

Gratis.

Lovgrunnlag

  • Dette er ei lovpålagt teneste. Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-2, 1. ledd nr 6, bokstav d. 
  • Tenesta er eit tilbod om heildøgns pleie, omsorg og behandling i sjukeheim. 
  • Forvaltningsloven
  • Helsepersonelloven
  • Pasient- og brukerrettighetsloven
  • Forskrift for sjukeheim og buform for heildøgns omsorg og pleie
  • Forskrift om vederlag for opphald i institusjon m.v.

Rett til å klage

  • Vedtak om tildeling og bortfall av plass vert gjort i inntaksnemnda. Disse vedtaka kan det klagast på til Fylkeslegen. Klageinstans når det gjeld betaling er Fylkesmannen. Klagefrist er 4 veker til Fylkeslegen og 3 veker til Fylkesmannen. Klage skal sendast til Lom kommune, Institusjonsbasert omsorg, som og kan gje rettleiing og råd, j.fr § 27.3 og § 28 i Forvaltningslova og Pasient- og brukerrettighetsloven, kap. 7, §§ 7-2, 7-3, 7-4 og 7-5.

Kontakt

Elin Jeanette Ulen
Leiar omsorgsteneste
Mobil 404 37 941
Tildelingskontoret Lom og Skjåk
Tildelingskontor
Telefon 61 21 70 00
Mobil 948 48 724
  • Telefon avd. Skjåk: 948 48 724
  • Telefon avd. Lom: 905 62 291