Miljøarbeidartenesta

Tenesta gjev praktisk hjelp og opplæring til peronar med funksjonshemmingar. Du som mottek tenesta får praktisk bistand og/eller opplæring heime. Tenesta skal kompensere for nedsett evne til å ta i vare eiga omsorg og greie dei daglega gjeremål. Basisen i arbeidet er målretta miljøarbeid. Det vil seie hjelp til sjølvhjelp. Målsettinga er at personar med samansette hjelpebehov skal ha gode levekår og høg livskvalitet. Brukarmedverknad, sjølvstendiggjering, aktivisering og sosial deltaking vektleggast.

Målgruppe for tenesta

Søkjar som har eit særleg hjelpebehov på grunn av funksjonshemming, der det er nødvendig med god tilrettelegging av dagleglivet sine aktivitetar og fritid. Tenesta vert gjeve uavhengig av buform.

Slik får du tenesta

Ein får eige søknadsskjema ved å kontakte Lom og Skjåk tildelingskontor

Pris

Tenester som er opplæring eller der den praktiske hjelpa fyrst og fremst gjeld personleg omsorg og hygiene, er gratis. Praktisk hjelp til reingjering av heimen, stell av klede osv som ikkje er knytt til opplæring, er å sjå på som heimehjelpsrelatere oppgåver, og dei kommunale vederlagsatsane for heimehjelp gjeld.

Lovgrunnlag

  • Tildeling av miljøarbeidarteneste etter Lov om helse- og omsorgstjenester § 3-2, pkt 6, bokstav b, jfr § 3-1. 
  • Forvaltningsloven
  • Helsepersonelloven
  • Pasient- og brukerrettighetsloven

Rett til å klage

Det er mogleg å klage på vedtaket, jmf. Forvaltningslova § 28. Rett klageinstans er Fylkeslegen i Oppland. Klaga skal sendast til Lom og Skjåk tildelingskontor innan 3 veker frå vedtaket er motteke. Lom og Skjåk tildelingskontor kan hjelpe deg med å skrive klaga.

Kontakt

Ann-Mette Fjeld Hoft
Leiar miljøarbeidartenesta
Mobil 474 53 241
Tildelingskontoret Lom og Skjåk
Tildelingskontor
Telefon 61 21 70 00
Mobil 948 48 724
  • Telefon avd. Skjåk: 948 48 724
  • Telefon avd. Lom: 905 62 291
 
Miljøarbeidartenesta

Krokamyre

 

 

917 27 430

Krokamyre

 

 

911 95 874

Krokamyre Vakttelefon

 

 

959 20 003

Kroken

 

 

474 82 667

Kroken Vakttelefon

 

 

474 88 986

avd.leiarar (ikkje i bruk kvar dag)

474 66 830

treningsleiligheit

 

474 84 124

Arbeidssenteret Eggjalia

 

 

948 38 925