Lom friviljugsentral

Lom Friviljugsentral, eigarar: Lom Kommune, Lom Helselag og Lom og Bøverdalen Røde Kors.

Målsetjinga er å vera eit knutepunkt for friviljug innsats i nærmiljøet. Friviljugsentralen ynskjer å gje fleire høve til å delta på arrangement i bygda, heve statusen til dei friviljuge, å vera eit supplement til offentleg verksemnd. Det er lange tradisjonar i bygda når det gjeld å ha omsorg for kvarandre. Samarbeidspartar er friviljuge, flyktningtenesta, NAV, vaksenopplæringa, PLO v/Lom Helseheim,biblioteket.  

Føresetnadane for å få varige og gode tilbod: Stor interesse frå folk i bygda. Lågterskeltilbod, alle som vil kan møte. Uformelle grupper. Friviljuge tek ansvar for grupper. Dagleg leiar set i gang tiltak, og koordinerer dei.                                                        

Friviljugsentralen treng fleire friviljuge. Sentralen har friviljuge som stiller opp på Lom Helseheim, besøksteneste/aktivisering kvar måndag føremiddag. Og besøksteneste kvar tysdag  ettermiddag.Har du litt tid til overs, og kunne tenkt deg å vera friviljug på helseheimen. Eller du kan tenkje deg å bidra på treffdagar på sentralen. Ta kontakt med oss! Du er velkomen innom i Drengjestugu, for ein uforplikta prat og kaffe. Velkomne innom!

Kontakt

Ella Hoel
Leiar Lom friviljugsentral
Mobil 996 93 847

Opningstider

Måndag til fredag: kl.8-15.30

Lom friviljugsentral på facebook!

Adresse

Midtgard, Sognefjellsvegen 6,
2686 Lom
Besøksadresse:
Gamle Loar, Bergomsvegen 31