Vil du vera Lomsvenn?Du kan hjelpe flyktningar til å bli kjent i Lom, byggje nettverk, og få gode opplevingar saman med andre lomverar. Bli kjent med nye mennesker frå ulik kulturell bakgrunn. Kva er ein lomsvenn? Friviljuge som ynskjer å bli kjent med nye innbyggjarar, melder seg som ”Lomsvenn” på Friviljugsentralen. Du vil bli kopla saman med ein einsleg eller ein familie. Det blir lagt vekt på felles interesser og livssituasjon. Eksempel på ting å gjere saman: • gå på fritidsaktivitetar • sjå ein fotballkamp • lære å lage mat frå den andre sitt land • syne turområder i nærmiljøet osv. Det er behov for vaksne i ulike aldersgrupper og livssituasjonar. Tre punkt ca. to gongar pr. månad. Tips til deg som er lomsvenn Snakk om kva forventninga de har til kvarandre, og kva de ynskjer å gjere saman. Det er lov å setje grenser for kva du kan bidra med. I eire kulturar er synet på tid og avtaler annleis enn i Noreg. Det kan vere lurt å ha klare avtalar og forsikre seg om at begge partar har forstått kor og når aktiviteten skal vera. Ordninga er 100 % friviljug, og kvar enkelt dekkjer eigne utgiftar. Det er positivt å gjere ting saman som kostar minst mogleg. • Spør om det skal takas spesielle omsyn i høve til mat (nokon et t.d. ikkje svinekjøtt). • Dersom det oppstår misforståingar eller utfordringar som er vanskelige å løyse, tar de kontakt med Friviljugsentralen. Lykke til! Publisert avOla Ø Rossehaug Sist endret12.03.2018 15:05