Rickshawsykkel

Friviljuge som ynskjer å ta med bebuarar/brukarar i pleie- og omsorgssektoren ut på sykkeltur, ringjer 488 96 477 (vakttelefonen ved Lom helseheim) for å gjere avtale.

Naudsynt informasjon får du hjå personalet ved Lom helseheim.

Alle må gjennomgå ei stutt opplæring i bruk av sykkelen. Dersom du ynskjer opplæring, tek du kontakt med Friviljugsentralen.

Tusen takk for at du stiller opp!

Sykkelen står parkert i carport utanfor institusjonen og skal stå tilkopla straum

•    Ta kontakt med personalet institusjon avdeling 1(Lom helseheim) for å få nøklar og for å registrere deg i sykkelboka

•    Hjelm og refleksvest er påbode og ligg i sykkelen

•    Instruksjonar for bruk av sykkelen ligg i sykkelvogna

•    Personalet: Ta ansvar for at det er fylt ut samtykkeskjema

•    Ta med varmt pledd. Vindtrekk ligg i sykkelvogna.

•    God tur!

Kontakt

Ella Hoel
Leiar Lom friviljugsentral
Mobil 996 93 847
Elin Jeanette Ulen
Leiar omsorgsteneste
Mobil 404 37 941