Idrett

Lom kommune har for perioden 2018-2021 definert tre hovudsatsingsområde med to overordna mål knytt til kvart av desse

Folkehelse

Mål 1 – folkehelse: Talet på personar  i Lom som er fysisk inaktive skal reduserast i planperioden

Mål 2 – folkehelse: Talet på ungdom (13-19 år) som er deltakarar i organisert idrett, både som utøvarar, trenarar og domarar  skal aukast i planperioden

Inkludering

Mål 3 – Inkludering: Talet på anlegg som er universelt utforma skal aukast i planperioden

Mål 4 – Inkludering: Talet på barn og ungdom med minoritetsbakgrunn som deltek i organisert idrett skal aukast i planperioden. Det skal leggjast særleg vekt på å inkludere foreldra til utøvarane, og rekruttere dei til tillitsverv

Det nære friluftslivet

Mål 5 – Det nære friluftslivet: Det skal i planperioden utarbeidast ein heilskapleg oversikt over turruter knytt til bustadområda i Lom

Mål 6 – Det nære friluftslivet: Det skal i planperioden utarbeidast ein plan på vedlikehald og skøytsel av turløypene i Lom

Kontakt

Trond Byre-Haakensen
Rådgjevar kultur og idrett - leiar servicetorget
Mobil 934 29 318