Gravminne

Utdrag av Forskrifter til Lov av 7. juni 1996 nr 32 om kirkegårder, kremasjon og gravferd (gravferdsloven) med endringer av 01.01. 2003

§20 MERKING AV GRAV
På fri grav som ikkje er anonym grav og på festa grav og gravstad kan det plasserast gravminne. Med gravminne forstår ein minnesmerke med namn og data på den som er gravlagt. Det skal som regel berre plasserast eitt gravminne på kvar gravstad.
Andre minnesmerke enn gravminne kan berre plasserast på kyrkjegard dersom bispedømmerådet gir samtykke til det.
Festar av grav eller ansvarleg for fri grav er eigar av vedkomande gravminne.

§21 TEKST MM.
Tekst, fotografi, dekor og symbolbruk på gravminne skal vera sømeleg, og namnet som skal setjast på skal vera identisk med namnet på den som er gravlagt. Personar som er omkomne på havet, i krig eller liknande og som ikkje er gravlagt på kyrkjegard, kan likevel få namnet sett på eksisterande eller nytt gravminne. Kyrkjeleg fellesråd kan gi løyve til at namn på person blir påført på gravminnet på ei eksisterande grav til ein annan stad enn der vedkomande er gravlagt. Namnet må då fjernast frå det opprinnelege gravminnet.

§22 KVALITET
Til gravminne og fast tilbehør kan berre nyttast materialer som er bestandige og lite vedlikehaldskrevjande. Det skal tåle påkjenningar det blir utsett for av klimaet og ved vanleg drift og vedlikehald av kyrkjegarden.

§23 DIMENSJONAR
Gravminne skal ikkje ver høgare enn 150cm, breiare enn 85cm og tjukkare enn 60cm, avgrensa slik at største høgde x største breidde x største tjukkelse ikkj overstig 0,1m  og vekta ikkje overstig 150 kg.
På graver mindre enn 2,4 x 1,2 m skal gravminnet ikkje vera høgare enn 80cm, breiare enn 75cm og tjukkare enn 60cm, avgrensa slik at største høgde x største breidd x største tjukkelse ikkje overstig 0,1m3 og vekta ikkje overstig 150 kg.
Når særlege grunnar tilseier det, kan bispedømmerådet fråvike det som er bestemt i denne paragrafen.

§24 SIKRING
Ståande gravminne i stein skal festast til fundament i stein med to 15cm lange og 12mm tjukke syrefaste boltar.
Fundamentet skal ha ein form og ein storleik som hindrar at gravminnet kan veltast, og skal i botnen ha ei anleggsflate som er dobbelt så brei som tjukkelsen på gravminnet. Gravminne som er meir enn 60cm høgt skal ha ei fundameringsdjubde som utgjer minst 20% av høgda på gravminnet over bakken. Fundamentet skal ikkje vera synleg over bakken. Når særlege grunnar tilseier det, kan kyrkjeleg fellesråd skjerpe eller lempe på krava etter denne paragrafen.

§25 GODKJENNING
Kyrkjeleg fellesråd skal godkjenne gravminne og fundament innan det blir sett opp på kyrkjegarden. Gravminne skal monterast på anvist plass.

§26 ANSVAR
Eigaren av gravminnet er ansvarleg for at gravminne ikkje er til forfall, til sjenanse eller fåre for dei som ferdast på kyrkjegarden. Når fellesrådet finn det naudsynt skal eigaren varslast med pålegg om å bringe gravminnet i samsvar med krava som er stilt i forskrift og vedtekter. Dersom eigaren unnlet å etterkoma slikt pålegg eller uvisst kor eigaren er, kan fellesrådet setja i verk tiltak som er naudsynte for å bringe gravminnet i orden.

§27 BEVARING
Kyrkjeleg fellesråd kan vedta at områder av kyrkjegarden eller einskildgraver med gravminne og anna utstyr skal bevarast. Slikt vedtak kan m.a. gjerast dersom gravminne er på eit område av kyrkjegarden eller ei grav er av ein viss alder, at det representerar ei stilhistorie, har eit lokalt særpreg i form av materialbruk, gir uttrykk for ei interessant personalhistorie eller er unikt.
Kyrkjegardsvedtktene ska innhalde eigne bestemmelser for områda eller gravene som det blir vedteke å bevare.

Kontakt

Einar Gelius
Sokneprest
Mobil 906 55 838

Opningstider

kontortid kvardagar

10.00 - 14.00

3. høgda på Midtgard

kontonummer 2085.07.11772

Vipps 132954