Lom stavkyrkje

Lom stavkyrkje er datert til 1158, og kyrkja er framleis i bruk som hovudkyrkje i Lom.

Inne i kyrkja finn ein mellom anna ei stor samling måleri frå 1700-talet og mykje vakker akantusskurd. Opp gjennom tida har kyrkja vore bygd om og utvida fleire gonger, noko ein kan sjå tydelege spor av. Då kyrkja vart restaurert fyrst på 1970-talet vart det høve til omfattande utgravingar. Det  vart gjort fleire interessante funn av pilegrimsmerke, runestavar, pergamentdokument og det største samla myntfunnet i Noreg på heile 2245 myntar.