Vigsel

Slik går de fram for å bli vigde i Lom kyrkjekommune:

1. (6 månader før) Kontakt oss!

Går de med gifteplanar, vonar vi å kunne gjere vårt for at dagen vert ein festdag!

Ta kontakt med oss i god tid for å avtale dato og klokkeslett for vigselen.

2. (6 månader før) Send oss kontaktinfo

Når de har fått stadfesta datoen for vigsel, fyll ut skjemaet "Innmelding til vigsel"

3. (4 månader før) Prøving av ekteskapsvilkåra

Før de kan bli vigde, må det gjerast ei såkalla prøving av ekteskapsvilkåra. Dei naudsynte skjema finn de her:

HUGS: Kryss av for at prøvingsattesten skal sendas direkte til vigslar, og før på fylgjande adresse:

Lom kyrkjekontor
Pb. 177
2688 Lom

4. (1 MND. FØR) Avtal tid for vigselsamtale

Brudeparet tek kontakt med presten om lag 1 månad før vigselen for å gjere avtale om vigselsamtale. Her snakkar prest og brudepar om ekteskapet og går samtidig gjennom gangen i vigselen.
Namn og telefonnummer til presten som skal vie dykk får de ved å ringe kyrkjelydssekretæren på 48 16 55 28.

5. (ein månad før) Kontakt organisten

  • De lyt ta kontakt med organist for avtale om salmar og musikk seinast 1 månad før vigselen.
  • For førebuing for organisten ber vi om at de fyller ut  fylgjande skjema til kyrkjekontoret: Song- og musikkynskje

6. Kostnad

Det er fastsett satsar for vigsel i Lom kyrkjekommune:

Definisjonar:

*Vigsle:

Utan tilknyting (utansokns): Som utansokns reknast personar som ikkje bur i Lom kommune.

Med tilknyting: Der ein/båe partane er utansokns, men har foreldre som bur i Lom kommune. Der ein/båe partane har slik tilknyting, vert ikkje paret rekna som utansokns.

 

  • Vigsle for utansokns:  Nok. 5000,-
  • Vigsle på dagar med heilagdagsgodtgjersle: Nok. 7000,-
  • Inkluderer organist inntil 4 timar inkl. øving og kyrkjetenar inntil 3 timar.
  • Teneste frå presten kjem i tillegg: Nok. 2 800,-.

Kostnader i samband med ekstra førebuingar. Om ein vel song/musikk og solist og det fører til ekstra øving for organist, vert det ein meirkostnad på kr 1000,-. Solistar har eigne prisar

Vigsel av likekjønna 

Kirkemøtet vedtok i april 2016 at det skal utarbeidas liturgi for ekteskap mellom likekjønna og liturgi for forbønn for borgarleg inngått ekteskap av likekjønna. Ein reknar med at det vil ta opp mot eitt år før godkjend liturgi er klar. Kyrkjekontoret i Lom tek imot bestillingar av vigsel av likekjønna og/eller forbønn for borgarleg inngått ekteskap av likekjønna der tidspunktet for seremoni er etter april 2017. Vi tek imot slike bestillingar under føresetnad at seremonien berre kan gjennomføras om godkjend liturgi er komen på plass.

Det har vore fokus i media på at kyrkjeleg tilsette kan reservere seg mot å medverke ved desse kyrkjelege handlingane. Prost og kyrkjeverje vil syrgje for at det vert sett inn vikarar dersom tilsette reserverer seg eller har frihelg/ferie, slik at alle bestilte seremoniar vert gjennomført.

Tenkjer de på vigsel utandørs?

Ta kontakt med kyrkjekontoret for meir informasjon kring dette

Kontakt

Borghild Skarelven
Kyrkjeverje
Mobil 481 65 527