Avløysing

Lom avløysarlag har tilbod om landbruksvikar ved behov for avløysing på gardsbruk. Tilbodet gjeld fyrst og fremst i vekedagane. Hjelp i helger vert berre ytt i akutte sjukdomstilfelle.
Landbruksvikaren vert administrert av Lom avløysarlag. Lom kommune deltek i formidling av landbruksvikaren.
Arbeidstid:
Landbruksvikaren har normal arbeidstid på 7,5 time pr. dag. Gardbrukaren er sjølv ansvarleg for å sysselsette landbruksvikaren innafor den tidsramma som landbruksvikaren har i si arbeidsavtale.

Kontakt Lom avløysarlag eller landbrukskontoret i Lom for å tinge landbruksvikaren. Lom avløysarlag gjer avtale med gardbrukarar og prioriterar oppdrag der det er størst behov. Hjelp ved sjukdom og akuttetilfelle blir prioritert framfor avløysing ved anna behov for arbeidshjelp. Hjelp i helger og på heilagdagar er berre aktuelt vedakutt sjukdom.

Oppdrag blir prioritert slik:
1. Akutt sjukdom/ ulykker/ dødsfall
2. Andre sjukdomsoppdrag
3. Anna gardsarbeid

Lovgrunnlag

Avtale om landbruksvikarordninga mellom Lom kommune og Lom avløysarlag

Kontakt

Lom avløysarlag: 61219095 eller 95924827

Lom kommune v/Landbrukskontoret: 61217300

Kontakt

Silke Hansen
Konsulent jordbruk
Mobil 905 75 253