Avløysing sjukdom

Husdyrbrukarar kan innanfor visse rammer få refundert utgifter til leige av arbeidskraft i følgjande tilfelle:

  • ved sjukdom, 
  • ved svangerskap/fødsel inntil 43 veker (eller 80 %tilskott i 53 veker). Minst 3 veker må takast ut før fødselen,
  • ved adopsjon av barn under 15 år etter same reglar som ved fødsel, 
  • ved brukar sitt dødsfall kan det gjevast tilskott til attlevande ektemake/sambuar, barn eller foreldre for inntil 8 veker etter dødsfallet og
  • ved følgje av sjukt barn under 12 år eller funksjonshemma barn under 16 år til behandling på sjukehus/institusjon. 
  • ved sivilforsvarsøving.

 

Slik får du tenesta

Det er eige skjema for søknad om avløysartilskot ved sjukdom mv. Søknadsskjema om avløysartilskot skal sendast innan tre månader etter siste avløyste dag i søknadsperioda.

Søknad sendast Lom kommune.

Kontakt

Silke Hansen
Konsulent jordbruk
Mobil 905 75 253