Skogbruk

Tenesta skal stimulere og leggje til rette for skogbruksnæringa slik at alle skogbrukarar får rettleiing og hjelp til å nytte dei ulike skiltskotsordningane i skogbruket.
Det er vidare ei prioritert oppgåve å arbeide for næringsutvikling i skogbruket ved mellom anna å arbeide for utvikling av sortiment, omsetjingsformer og produkt som er tilpassa tømmerkvaliteten Ottadalen.

Skogbrukssjefen heiter Per Ekre og kan kontaktast på mobil 958 26 661, e-post adresse: per.ekre@vaga.kommune.no
Skogbrukssjefen har fast kontordag fyrste måndag i kvar månad. Du finn han i 3. etasje i Midtgard.


Kommunen er det offentlege forvaltningsorgnet som skogeiaren skal kontakte for å ordne saker som gjeld frådeling av skogareal, oppdyrking av skogsmark, bygging av skogsvegar og løyve til hogst i verneskog. Skogbrukssjefen skal førebu saker etter forskrifter og lovverk og ta avgjerd i sake som er delegert til administrasjonssjefen.

Tenesta omfattar m.a.:

  • Lovforvaltning etter skoglov, jordlov mm. (t.d. omdisponering av skogsmark, frådlingssaker, konsesjonssaker)
  • Forvaltning etter forskrifter gjeve i medhald av skoglova (t.d. verneskogforvaltning, spreiing av plantevernmidlar i skog, skogfrø og planter, insektskader på skog, godkjenning av skogsvegar mm.)
  • Forvaltning av skogfondordninga.
  • Forvaltning av rentemidlar.
  • Statlege tilskot til skogkultur (planting, ungskogpleie, 1. gongs tynning, kunstig kvisting).
  • Statlege tilskot til vegbygging.
  • Statlege tilskot til drift i vanskeleg terreng.
  • Statlege tilskog til miljøtiltak i skog.
  • Kommunalt tilskot til avverking 
  • Offentleg statistikk.


I tillegg kjem mange ikkje-lovpålagde oppgåver som vegstikking, kurs, skjønn og ymse rettleiing. I alle saker som gjeld skogbruk tek du kontakt med skogbrukssjefen. Skogbruksjefstillinga er felles for Lom, Skjåk og Vågå.

Kontakt

Per Ekre
Skogbruksjef Vågå, Lom og Skjåk
Telefon 61 29 36 74
Mobil 958 26 661