Næringstomter

Lom kommune har ledige næringstomter, primært i industriområde Geisarøye / Prestøye.

Det ligg to ledige næringstomter i sentrum, som ligg inntil kvarandre.

Det ligg elles eit område i Garmo (toppen av Råsbakken) som kan nyttast til næring, men området vil kreve tilrettelegging før bruk.

Særpreg
 

Gjennom fleire tiår har kommunen satsa på å utvikle eit sentrum med særpreg. Det er difor enkle, men tydelege krav til takvinkel og farge på alle bygg. Det er støttefunksjonen som har ansvar for tildeling av næringstomter i Lom kommune, men ta kontakt med næringssjefen dersom du er på jakt etter næringstomt i Lom kommune.

Ledig tomter i sentrum, 39/3/1 og 39/3

 

Ledig tomt i sentrum - Klikk for stort bilde

 

 

 

 

 

Desse to tomtene brukast som parkeringsareal pr. dags dato.
Regulert til «Forretning og kontor» i reguleringsplan for Ulstad – Øy (1985). 
Utnyttingsgrad 0,6 (60% BYA).  Rafthøgde inntil 7 m for to-etasjes bygg, tre etasjes bygg kan likevel tillatast.
Ta kontakt ved interesse. Det er naturleg å sjå dei i samanheng, men det er også mogleg å vurdere dei kvar for seg.

Garmo


Næringsareal Garmo - Klikk for stort bilde

 

 

 

 

 

 

 

Det finst også eit område i Garmo (markert med E1 på kartet) som kan nyttast til næring, men det bes om at interessentar tek kontakt med kommunen for meir info.
Område vil kreve tilrettelegging før bruk.

Ledig næringsareal i industriområde 

Detaljkart_industriområdet - Klikk for stort bilde

I industriområde i Lom er det ledig areal (sjå kart).

 Arealet kan variere litt ut i frå korleis ein deler opp tomta, men grovt rekna er det ca. 10 daa i den nordlegaste delen av arealet og omtrent 2,9 daa i den sørlegaste delen.
 Noko av arealet i den norlegaste delen går vekk i veg dersom ein ikkje er dei samla.

Legg merke til at omtrent 1,7 daa av den øverste eigendommen har ei høgspentmast over seg. Den delen av eigendommen har derfor visse bruksbegrensninger. 


 

Festekontakt - industriområde

Det er pr. dags dato ledige næringsareal i industriområde (sjå kart) Den endeleg storleiken på tomta kan justerast gjennom ei festekontrakt. Gjeldande for heile arealet: Festeavgfit: kr. 2,50 pr. m2 som kan regulerast. Refusjon: kr. 67,50 pr. m2. Alle tomtene er byggeklare med opparbeidd vei, vatn og avlaup. Det er formannskapet som gjer vedtak om tildeling av tomta.

Reguleringsføresegner - industriområde

I vedlegget nederst på sida finn du reguleringsføresegner for dei ledige areala i industrimområde. Alle blir regulert som eit I (industri)-område, mens dei to øvste areala i tillegg blir regulert som I5.

Byggeplikt

I Lom kommune er det byggeplikt på festetomter. I festekontrakt/framfestekontrakt på næringstomter vert innteke: Fester må innan 1 – eitt – år frå festetida starta leggje fram godkjent byggemelding, og seinast innan 3 – tre – år frå festetida starta, ha oppført hus/bygning som skal vera i samsvar med reguleringsformålet for tomta. Eventuell dispensasjon frå dette vilkåret vert gjeve i samband med tildeling av tomt. Heile saksutgreiinga ligg vedlagt nederst på sida.

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef
Mobil 975 22 977