Næringsliv

Lom kommune ynskjer å oppmuntre folk som vil starte nye bedrifter og utvikle eksisterande næringsliv. Har du ein god forretningsidé, kan vi bidra til idéutvikling, nettverksbygging mot fagmiljø og hjelpe deg å finne kurs og støtteordningar som er tilgjengelege i oppstartsfasen. Før og under ei bedriftsetablering er det ofte mange små og store spørsmål det kan vere nyttig å drøfte med nokon. Vi tek ikkje betalt for rådgjeving og har sjølvsagt teieplikt.

Ta gjerne kontakt med næringssjef Åshild Myhre Amundsen på telefon 975 22 977 eller mail: ashild.amundsen@lom.kommune.no

Du kan òg ta turen innom hjå næringssjefen, avdeling miljø, teknisk, næring på Midtgard, kommunehuset i Lom.

Korleis arbeider Lom kommune med næringsutvikling?

Eit robust næringsliv er ei særs viktig forutsetning for at Lom kommune skal vere ein attraktiv kommune å bu i, både no og i framtida.
Kommunen skal bidra til å legge til rette for både nye og eksisterande arbeidsplassar.
Dette gjer vi på fleire måtar, m.a.:

  • Bruk av kommunalt næringsfond til bedriftstilskot
  • Bruk av kommunalt næringsfond til ulike typer infrastrukturtiltak, t.d. stadsutvikling, gode turstigar og breibandsdekning
  • Bidra til å skape møteplassar, t.d. frukostmøter, ulike kurstilbod
  • Informasjonsarbeid, gjennom Lom næringsforum på Facebook, nyheitsbrevet "Nytt til næringslivet" og heimesida
  • Omdømmebygging og vidareutvikling av Lom som nasjonalparklandsby
  • Fokus på Ungt Entreprenørskap inn i skulen
  • Oppsøkande arbeid mot  nye bedrifter / nye innbyggjarar
  • Tett samarbeid mellom næringsavdeling og plan/byggavdeling i kommunen

 

Kompetanse og nettverk

Vi har mellom anna kompetanse innanfor bedriftsutvikling, reiseliv, landbruk, nyskaping og entreprenørskap.
Næringskontoret legg stor vekt på å ha eit nettverk utanom eigen organisasjon i kommunen. 

Skåppå kunnskapspark er ein av aktørane som jobbar med å utvikle Gudbrandsdalen - Klikk for stort bildeSkåppå kunnskapspark er ein av aktørane som jobbar med å utvikle Gudbrandsdalen Skåppå AS











Vi har og jamleg kontakt med forskings- og utviklingsmiljø som Høgskulen på Lillehammer, Norges Miljø- og biovitenskapelig universitet, Vestlandsforskning, Østlandsforskning, Telemarksforskning, Distriktssenteret m.m.

Sjå ei oversikt over aktuelle samarbeidspartnarar her. 

Kva kan vi hjelpe deg med?

Næringskontoret kan vere til hjelp gjennom kontaktnettet og eigen kompetanse.
Vi kan hjelpe deg sjølve eller kople deg mot rette miljø når det gjeld:

  • oppstart og utvikling av bedrifta
  • rekruttering
  • utforming av forretningsplan
  • utviklingsprosjekt
  • utforming av søknadar om tilskot o.l.
  • kontakt mot Innovasjon Norge og andre
  • aktuelle kurstilbod
  • bistå i jakt på ledige lokale / næringstomter
  • spørsmål knytt til plan- og byggsak (vi sitt lokalisert saman med kommunens planavdeling)

Mange utviklingsprogram og opplæringstiltak står til disposisjon for næringslivet som etableraropplæring, FRAM-program, skattefunn med meir.
Ta gjerne kontakt!

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef
Mobil 975 22 977