Namn og registrering

Her kan du få ein kort introduksjon til formelle krav ved namn og registrering av føretak. For meir informasjon, sjå www.altinn.no

Namn

Namn på føretak i Noreg er regulert av «Foretaksnavneloven» (sjå www.lovdata.no ). Så snart føretaket er registrert i Foretaksregisteret skal organisasjonsforma anvisas (DN, ANS, AS osv.). Elles gjeld: • Minst tre bokstavar frå det norske alfabetet • Berre bestemte tegn i tillegg til bokstavane • Ikkje berre namnet på land, fylke eller kommune • Ikkje nøyaktig likt med eit anna registrert namn • Ikkje namn som kan villeie eller vekke sinne Dersom du har eit enkeltpersonføretak må innehavarens slektsnamn vere med.

Registrering i «Enhetsregisteret»

Ein kan registrere seg gratis i Enhetsregisteret til Brønnøysund uavhengig av organisasjonsform. Etter registrering får du tildelt eit organisasjonsnummer, noko du treng for å opprette bankkonto for føretaket, ha tilsette eller bli registrert i meirverdiavgiftmanntallet. Enkeltpersonføretak har rett til å registrere seg her, men dei har ikkje plikt til å gjere det

Registrering i «Foretaksregisteret»

Grovt sortert gjeld plikta til å registrere seg i Foretaksregisteret alle organisasjonsformer. Unntaket er enkeltpersonføretak, som berre har registreringsplikt dersom det har meir enn fem tilsette eller driv med varehandel. Uavhengig av dette har dei rett til å registrere seg, men det er viktig å merke at det er gebyrbelagt.

Meirverdiavgiftregisteret

For å kunne bli registrert i meirverdiavgiftregisteret må omsetninga i selskapet vere høgare enn 50 000 i ei periode på 12 månader. Bedrifter med høge investeringskostnadar i etableringsfasa (over 250 000,-) har rett til førehandsregistrering.

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef
Mobil 975 22 977