Organisasjonform

Det er ikkje berre enkelt å finne ut kva slags organisasjonsform som passer akkurat din bedrift. Oversikta under gir berre ei kjapp innføring i dei viktigaste organisasjonsformane, men det anbefalast å ta kontakt med rådgivingsteneste enten i kommunen eller hos andre aktørar som Altinn (gratis frå fasttelefon: 800 33 840). Ved etablering av små til mellomstore føretak vil valet som regel stå mellom enkelpersonføretal, ansvarleg selskap (ANS eller DA) eller eit aksjeselskap (AS).

Det er viktig å vere klar over at val av organisasjonsform er viktig med tanke på m.a. ansvar, rettigheiter, plikter og fridom.

Enkeltpersonføretak

Aktuell for deg som ynskjer små / ingen investering og lav risiko Dette er ein organisasjonsform der ein «fysisk person» - det vil si eitt menneske – står ansvarleg for føretaket. Ved enkeltpersonføretak skilles det ikkje mellom privat og selskapsrettsleg ansvar, noko som betyr at du blir personleg ansvarleg for føretakets gjeld, også med din private formue. Fordelen er at du har stor økonomisk fridom og få formalitetskrav ved å opprette eit enkeltpersonføretak.

Hugs at det er mykje lettare å starte som eit enkeltpersonføretak og gå over til å bli eit aksjeselskap, enn omvendt. Du må vera myndig for å opprette eit enkeltpersonføretak, men det er ikkje naudsynt å vera busett i Noreg.

Dersom du f.eks. er gift og ynskjer å registrere familiens felles bedrift som eit enkeltpersonføretak, må dykk velje kven av ektefellene bedrifta skal registrerast på. Det er viktig å merke seg at det ikkje er mogleg å tilsette ektefellen i bedrifta, og han / ho kan derfor ikkje få lønn og offentlege rettigheiter slik arbeidstakarar normalt har. Les meir her dersom du er i den situasjonen.

 

Ansvarleg selskap; DA eller ANS

Dersom dykk er to eller fleire som ynskjer å stifte eit selskap, kan dykk velje å starte opp eit ansvarleg selskap. Her finst det to hovudformar, og i begge alternativa er eigarane personleg ansvarleg for selskapets forpliktingar.

Forskjellen mellom eit ANS og eit DA er at:

ANS: Her har alle eigarane personleg ansvar for heile gjelda (solidaransvar). Dersom ein deltakar ikkje kan betale kan kreditorar be om at kven som helst av dei andre eigarane gjer det i staden. Med andre ord; her må du verkeleg stole på dine kompanjongar!

DA: Her er det delt ansvar. Det betyr at eigarane samla har eit delt ansvar for heile selskapsgjelda, men kvar deltakar kan berre belastast opp til sin eigarandel.

Ved å opprette eit ANS eller DN må eigarane (deltakarane) opprette ei skrifteleg og datert selskapsavtale som alle skal undertekne. Denne skal mellom anna beskrive selskapets føremål og verdien av deltakaranes innskot. Du har større fridom over selskapsinnskotet i eit ANS/DA samanlikna med eit aksjeselskap. Dette er fordi du uansett vil vera personleg ansvarleg for gjelda.

 

Aksjeselskap: AS

Denne organisasjonsforma passer der ein eller fleire vil etablere eit selskap med begrensa personleg ansvar og/ eller det forventast større investeringar. For å starte opp eit aksjeselskap er det krav om minimum 30 000 i aksjekapital som eigarane må skyte inn. Dette trengs ikkje nødvendigvis vera innskot i pengar – gjenstandar kan erstatte pengekravet, men revisor må attestere for innskotet. Vanlegvis er det krav om taksering for å verdivurdere gjenstandane.

Fordelen med å etablere eit aksjeselskap er at du som regel ikkje er personleg ansvarleg for selskapets forpliktingar. Dette betyr ikkje at det er risikofritt, men du kan berre tape aksjekapitalen (det som er skutt inn i selskapet). På grunn av dette stillast det strengare krav til eigars bruk av pengar i eit aksjeselskap enn i dei føregåande organisasjonsformane.

Ulempa med aksjeselskap er dei mange formalitetane som høyrer med. Det må m.a. eksistere eit stiftelsedokument, regnskapet skal kvart år sendast inn til Brønnøysund og det må haldast generalforsamling minst ein gong kvart år. I tillegg er det strenge reglar for kor mykje aksjeutbytte du kan ta ut. I eit aksjeselskap kan du bli lønnsmottakar i eiget selskap. Dette betyr at føretaket må betale arbeidsgiveravgift, men fordelen er at du som lønnsmottakar har eit større sikkerheitsnett enn f.eks. ein i eit enkeltpersonføretak gjerne har.

Aksjeselskap blir regulert gjennom Aksjeloven og Allmennaksjeloven. Desse kan du lese i full tekst på www.lovdata.no.

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef
Mobil 975 22 977