Næringsfond

Har du bruk for tilskot til å starte eller vidareutvikle ei bedrift? Da kan det vere aktuelt å søkje om tilskot frå Lom kommune sitt næringsfond eller andre tilskotsordningar. Næringsfondet er på ca. fire millionar i året, der deler av fondet er frie midlar og resten blir brukt i tråd med årlege budsjettvedtak. Det er primært bedrifter med adresse i Lom kommune som kan søkje.

Her får du ti gode tips til søknadsprosessen!

Tips 1: Sjå over retningslinjene for bruk av næringsfondet

Her kan du lese RETNINGSLINJER FOR BRUK AV NÆRINGSFONDET I LOM KOMMUNE.  (PDF, 183 kB)
Desse er nyleg reviderte og vart godkjent av Fylkesmannen i Oppland juni 2017.
Retningslinjene vil bli justert med jamne mellomrom, så si gjerne i frå dersom du har innspel.
Legg merke til at det er løpande saksbehandling på alt unntatt skogbruk og landbruk, her er det normalt to søknadsfrister i året.
Sjå under landbruk for meir informasjon.

Vi har også langsiktige, overordna standardvedtekter (PDF, 85 kB) som ligg til grunn for retningslinjene.
Kommunen sine standardvedtekter er i tråd med nasjonale standardsvedtekter.

 

Tips 2: Ta kontakt

Ta kontakt med kommunen for ei uformell samtale tidleg i prosessen. Vi skal hjelpe deg så godt vi kan vidare. Dette gjeld uansett om du vil søkje støtte eller ikkje. Kommunen har god oversikt over ledige lokale, tilskotsordningar, kurstilbod o.l.

 

Tips 3: Skriv ein god søknad

Ynskjer du å søkje støtte frå kommunen, må du sende inn ein søknad om det.
Søknaden bør innehalde: 

  • info om deg og bedrifta di
  • forretningsideen / forretningsplan, konkurransesituasjonen og kva du treng støtte til.
  • kostnadsoverslag og finansieringsplan


Bruk gjerne retningslinjene for bruk av næringsfondet som eit hjelpemiddel.

 

Tips 4: Ta hensyn til offentlegheitslova

Hugs at kommunen er underlagt offentlegheitsloven. Dei fleste søknader er derfor offentleg tilgjengelege. Hugs å si i frå dersom det er noko i søknaden din som helst ikkje skal offentleggjerast, t.d. forretningsidear eller unike konkurransefortrinn som ikkje bør publiserast. Det er strenge reglar for å unnta noko frå offentlegheita, så avklar dette før du sender søknaden.

 

Tips 5: Ha ei realistisk forventning til utmåling

Dersom tiltaket ditt kjem innanfor retningslinjene for bruk av næringsfondet, skal tilskotet normalt ikkje utgjere meir enn 30 % av totalkostnaden på private tiltak.
Ved nyetableringar, fellestiltak og andre særleg gode tiltak kan det gjevast inntil 50 %. Legg merke til at ingen har krav på tilskot, men alle har rett til å søkje.

NB: Merk også at dersom du har ei bedrift som får frådrag for inngåande meirverdiavgift, så vil prosenten bli rekna frå totalkostnaden eks. mva.

 

Tips 6: Skriv inn søknadsbeløpet ditt

Du må ikkje oppgi søknadsbeløp, men det er ein fordel. Søknadsbeløp opptil kr. 50 000 kan behandlast administrativt (raskt), søknadsbeløp mellom kr. 50 000- 100 000 må behandlast i formannskapet og søknader over kr.100 000 må behandlast i kommunestyret. Ver klar over at kommunestyret har lang sumarferie, så det er lurt å sende inn søknaden din før 15. mai dersom du ikkje kan vente til hausten.

 

Tips 7: Søknaden skal sendast FØR tiltaket er sett i verk - med nokre unntak (sjå under)

Du må søkje på førehand. Unntaket er støtte til skredfarevurdering og avverking til skogbruket, her er det normalt å søkje i etterkant.

 

Tips 8: Tilskotet blir utbetalt etter at du kan dokumentere for kostnadane

Tilskotet blir utbetalt etter at dokumenterte kostnader føreligg. Du må derfor levere inn fakturadokumentasjon for at tilskotet blir utbetalt. Vanlegvis kan det gis inntil ei delutbetaling. Det er du som må ta kontakt med kommunen for å få tilskotet utbetalt, det skjer ikkje automatisk.

 

Tips 9: Sjekk ut andre støtteordningar fyrst

Dersom det blir aktuelt å søkje tilskot frå Innovasjon Norge, SkatteFUNN eller andre støtteordningar kan vi også hjelpe deg med det. Næringsfondet skal primært nyttast etter at andre finansieringsmoglegheiter er vurdert / prøvd. Samfinansiering er aktuelt i særlege høve, t.d. større prosjekt / tiltak.

Her finn du nyttige linker til andre støtteordningar:


Spør viss du treng hjelp til å skrive ein søknad eller til å vurdere om det er aktuelt.

Tips 10: Utviklingsaktørar og nyttige linker

Skal du starte eigen bedrift, kan du elles få mange gode tips på Innovasjon Norge sine gründersider eller på Altinn sine gründersider:
Dersom du treng hjelp til søknaden kan det vere aktuelt å ha nokon andre enn kommunen som bistand, t.d. Skåppå. Ei oversikt over nokre utviklingsaktørar finn du her.

 

Gode eksempel

Her er nokre eksempel på andre som har fått tilskot frå kommunalt næringsfond tidlegare:

  • Arrangement som Fjordingsmartnan, Lom skifestival og Gastronomiske festdager
  • Nyetableringar som Jotunheimen Rein AS, Jotunheimen Yoga (Kristin Lund), Lom bryggeri og Beautybag AS
  • Etablerte verksemder som Kirkestuen Transport (no Bring Gudbrandsdalen), Brimi Gard & Sæter og Ottadalen Mølle
  • Fellestiltak som breiband, skilting i industriområdet, laserskanning, infrastrukturtiltak etc.

Lykke til, og som sagt - ta gjerne kontakt!

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef
Mobil 975 22 977