Fylkeskommunen har ei rolle som regional utviklingsaktør.

Prosjekt knytt til nærings- og samfunnsutvikling kan få tilskot gjennom ulike støtteordningar i fylkeskommunen.

Innovasjon Norge har ulike tilbod til bedrifter i Lom og Nord-Gudbrandsdalen, m.a. tilskot og lån til gode forretningsidear.

 

Skåppå AS (tidlegare Lillehammer og Gudbrandsdalen Kunnskapspark) kan hjelpe dei som ynskjer bistand til etablering og utvikling av eige bedrift, uavhengig av storleik og bransje.

Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal er eit regionalt samarbeidsorgan mellom kommunane Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk.

Næringsforeninga er open for alle bransjar i Nord-Gudbrandsdalen, og medlemsmassa er spreidd utover heile Nord-Gudbrandsdalen. Dei arrangerer kurs og aktivitetar, i tillegg til å hjelpe bedrifter med oppstart, vidareutvikling eller med å finne samarbeidspartnare. Høyres dette ut som noko for deg, bli medlem i dag!

Gudbrandsdalen Industrinettverk vart etablert 8.3.2011 og har som føremål å "styrke lønnsomhet gjennom samarbeid om felles utfordringer"

Norsk Fjellsenter er besøkssenter for Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen nasjonalpark.

Visit Jotunheimen AS er destinasjonsselskapet der majoriteten av bedriftene i Lom er medlem.