Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal

Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal er eit regionalt samarbeidsorgan mellom kommunane Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk.

Politisk organ

Regionrådet er eit politisk organ som skal fremje regionen sine interesser gjennom å: • Legge til rette for næringsutvikling. Det skal leggjast særleg vekt på arbeidet for å gjera regionen attraktiv for nyetableringar, og å vidareutvikle eksisterande næringsliv. • Drive politisk interessearbeid for i størst mogleg grad å påverka fylkeskommunale og statlige myndigheiter i distriktspolitiske spørsmål. • Arbeide for interkommunale samarbeidstiltak til beste for regionens innbyggjarar. • Arbeide for å profilere regionen som ein god tilflyttarregion.

Samansetting

Regionrådet er sammensatt av tre medlemmer frå kvar kommune, og to frå Oppland fylkeskommune. Representantene frå kommunen består av ordførar og to representantar frå kommunestyret. Representantane frå fylkeskommunen og fylkesmannen har tale- og forslagsrett. Begge kjønn skal vere representert, både frå kommunane og frå fylkeskommunen.

Informasjon

Meir informasjon kan du finne på heimesida: http://www.nord-gudbrandsdal.no