Motorferdsel i utmark

All motorferdsel i utmark utanom bvilveg krev dispensasjon/løyve frå kommunen (gjeld ikkje politi-, ambulanse- og redningsteneste, drift av kraftforsyningsanlegg, offentelege post- og teletenester, nødvendig transport i jordbruk-, skogbruk- og reindriftsnæring, transport av jaktutbytte ved elg- og hjortejakt). For varetransport med snøscooter mellom bilveg og hytte, vedtransport mm. finst ei ordning for leigekøyring. For motorferdsel i verneområde gjeld eigne reglar i verneforskrift

Målgruppe for tenesta

Alle som har behov for å ferdast med motorkjøretøy i utmark.

Slik får du tenesta

Skriftleg søknad til kommunen. Søknadsskjema

Søknadsfrist

Fortløpande handsaming av søknader.

Pris

Tenesta er gratis.

Lovgrunnlag

Planføresegner til kommunedelplan for motorferdsel i Lom kommune - Lom kommunestyre 14.10.2003 med endring 28.04.2011. 

Forskrift om start og landing med luftfarty og motorisert ferdsel på vassdrag, Lom kommune, Oppland - Lom kommunestyre 28.04.2011 

For motorferdsel i verneområde gjeld reglane i verneforskrifta for området.

Rett til å klage

For klagehandsaming gjeld reglane i Plan- og bygningslova.

Kommunestyret er klageinstans.

Saksbehandlingstid

Normalt innanfor ei veke.

Prinsippielle saker vil ta lenger tid.

Dette ventar vi av deg

Skriftleg søknad der det blir gjort greie for formålet med motorferdsla, stad/køyrerute, talet på turar, tidspunkt/tidsrom.

Kontakt

Sander Sælthun
Plan- og miljøvernrådgjevar
Mobil 474 63 218