Utvida bandtvang for hund frå 1. april til 1. oktober

Fastsett av Lom kommunestyre 22.03.2007 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehald (Hundelova) § 6.

§ 1

Eigar eller innehavar av hund i Lom kommune skal halde hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda i tida frå og med 1. april til og med 1. oktober i dei område der husdyr har rett til å beite og faktisk beiter.

§ 2

Denne forskrifta gjeld ikkje for:

  • a) dresserte gjetarhundar i arbeid
  • b) tenestehund i arbeid, samt under lovleg trening eller prøving
  • c) hund nytta i ettersøk etter såra eller sjukt vilt
  • d) jakthundar som nyttast under lovleg jakt, samt under lovleg trening eller prøving og som blir følgd på forsvarleg  måte av eigar eller innehavar
  • e) hund nytta til lovleg uttak av rovvilt
  • f) organisert trening av brukshundar

§ 3

Brot på denne føresegna er straffbart, sjå lov om Hundehald av 4. juli 2003, § 28.

§ 4

Denne føresegna trer i kraft 22.03.2007. Samstundes blir føresegn av 23.10.1947 for Lom kommune, Oppland, oppheva.

Kontakt

Sander Sælthun
Plan- og miljøvernrådgjevar
Mobil 474 63 218