Elg- og hjortejakta 2015

Nytt rekordår for elgjakta-nedgang i hjorteavskytinga

I jakta 2015 vart det felt 64 elg i Lom kommune(i tillegg 3 dyr i Nordherad, Vågå, som går inn under Skaihø-valdet i Lom). Det er ein auke på 11 dyr(for Lom) samanlikna med året før.

Den store auken er i Bøverdalen, der det vart skote 43 elg av ein kvote på 45 dyr, mot 32 felte dyr i 2014. Går vi 10 år attende(2005) vart det felt 8 elg i Bøverdalen.

Også i Garmo viltområde var det auke, frå 8 felte elg i 2014 til 11 i 2015. I Skaihø viltområde var det nedgang, frå 13 felte elg i 2014 til 10 i 2015.

 

For hjortejakta i Lom var det derimot ein nedgang i avskytinga, frå 80 felte hjort i toppåret 2014 til 69 i 2015.

Nedgangen var størst i Bøverdalen, frå 43 felte hjort i 2014 til 34 i 2015. For Skaihø var det og ein liten nedgang i hjorteavskytinga, frå 24 i 2014 til 21 i 2015. I Garmo viltområde var det lite endring, 13 dyr felt i 2014, 14 i 2015.

Nordheradfeltet i Vågå har framleis svært god avskyting, 14 dyr både i 2014 og i 2015.

 

Avliva sjuke dyr, trafikkdrepte dyr og anna fallvilt kjem i tillegg til tala over.

Kontakt

Eilev Hellekveen
Fagarbeidar
Mobil 997 12 939