Frisvoldskogen

Frisvoldskogen - Klikk for stort bildeFrisvoldskogen

Om området:

Frisvoldskogen ligg i Garmo, eit trygt og roleg område for både liten og stor.
Garmo er ei grend lokalisert omtrent 15 minuttar frå Fossbergom og Vågåmo, lett tilgjengeleg frå Riksveg 15.
Her er det mange fine turløypar og kort tilgang til nydelege Tesse og eit stort løypenett på Lemonsjøen for både alpin- og langrennsinteresserte. Du har kort veg til handelstilbod i Lom og Vågå, i tillegg er det to kafear i Garmo (Skogheim og Kvila). 

Barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule finn du 15 minuttar unna, i Lom sentrum (Fossbergom). Barnehage finn du i Garmo. 

Praktisk informasjon:

Reguleringsplan for Frisvollskogen III er under utarbeiding, her er det planlagt nye tomter.

Klikk her for å sjå det aktuelle området i kartløsyinga til kommunen

Om Lom kommune:

Vakre Lom ligg i Nord-Gudbrandsdalen i Oppland Fylke, og grensar til Vågå, Skjåk, Luster, Vang og Lesja. Kommunen har eit areal på 1945 km2, og rundt 2340 innbyggjarar.
 
Lom er den mest typiske fjellkommunen i Noreg, med 135 eigne toppar og 23 grensetoppar over 2000 moh. Rundt 60% av arealet i Lom er verna  og kommunen har m.a. tre nasjonalparkar (Breheimen, Jotunheimen og Reinheimen). Sentrum fekk status som nasjonalparklandsby i 2008. Fossbergom er kjent for å vere eit triveleg handelssentrum, og har også lange tradisjonar innan reiseliv og landbruk. Heile Ottadalen er eit eldorado for deg som er glad i natur og friluftsliv, men det finst også eit overraskande stort tilbod innan kultur- og idrett. 

Kontakt

Leif Morten Plassen
Byggesakshandsamar
Mobil 468 21 863

Kontor i 3. høgda på Midtgard - Sognefjellvegen 6