Kroken bustadfelt

To ledige tomter til sals Kroken bustadfelt, berre 5 minuttar frå Lom sentrum.
Dette er aktuelt for deg som vil bu sentralt, men som sett pris på utsikt og lett tilgang til naturen. 

KrokenTomt7og8 - Klikk for stort bilde

Om området:

 

Tomtene ligg i eit roleg og barnevennleg område, med god tilgang til turstigar opp mot m.a. Lomseggen og Bordvassvegen. Du har gangavstand til sentrum, der du finn eit godt service- og handeltilbod. Området har god breibandsdekning (fibertilkopling). 


Barnehage, barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule finn du i sentrum. 

 

Praktisk informasjon

 

Dette er sjølveigartomter. To ledige tomter - nr. 7 og 8.
Kjøpesum kr 58 650,- og refusjon opparbeidingskostnader kr 296 535,-

 

Om Lom kommune:

 

Vakre Lom ligg i Nord-Gudbrandalen i Oppland Fylke, og grensar til Vågå, Skjåk, Luster, Vang og Lesja. Kommunen har eit areal på 1945 km2, og rundt 2340 innbyggjarar.
 
Lom er den mest typiske fjellkommunen i Noreg, med 135 eigne toppar og 23 grensetoppar over 2000 moh. Rundt 60% av arealet i Lom er verna  og kommunen har m.a. tre nasjonalparkar (Breheimen, Jotunheimen og Reinheimen). Sentrum fekk status som nasjonalparklandsby i 2008. Fossbergom er kjent for å vere eit triveleg handelssentrum, og har også lange tradisjonar innan reiseliv og landbruk. Heile Ottadalen er eit eldorado for deg som er glad i natur og friluftsliv, men det finst også eit overraskande stort tilbod innan kultur- og idrett. 

Kontakt

Leif Morten Plassen
Byggesakshandsamar,
Mobil 468 21 863

Kontor i 3. høgda på Midtgard - Sognefjellvegen 6