Leirmoskog

Leirmoskogen - ledige tomter. Dei oppmerka linene er berre omtrentlege. - Klikk for stort bildeLeirmoskogen - ledige tomter. Dei oppmerka linene er berre omtrentlege. Ola Ø Rossehaug

Om området:

Bustadfeltet Leirmoskog ligg i Bøverdalen, omtrent ein halvtimes køyretur frå Lom sentrum langs Fylkesveg 55 (Sognefjellsvegen). Her bur du tett på både Jotunheimen og Breheimen nasjonalpark, i tillegg til kort avstand til m.a. Galdhøpiggen Sommerskisenter.
Det er matbutikk like i nærleiken (Coop Marknad på Galdesand). Når Sognefjellet er opent (omtrent mai-november) er det kort veg over til nabokommunen Luster og det flotte fjordlandskapet i Sogn. Bøverdalen er særleg populært for turistar i vårski- og sumarsesongen. 

Barnehage, barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule finn du ein halvtime unna, i Lom sentrum (Fossbergom). Telenor skal bygge ut fiber i området, med oppstart i 2016/2017. 

 

Praktisk informasjon:

Feste- eller sjølveigartomter. Pris ved kjøp kr 15,00 pr kvm. Refusjon tomteteknisk arbeid etter fastsett sats. Ledige byggjeklare tomter nr 6 og 7. 

I samband med VA-utbygging, vil det bli lagt opp til fire nye tomter i Leirmoskog. Dette er under planlegging, ta kontakt med kommunen dersom du er interessert. 

Planlagte tomter Leirmoskog

Planlagde tomter Leirmoskog. Oppteinka liner er berre omtrentlege. - Klikk for stort bildePlanlagde tomter Leirmoskog. Oppteinka liner er berre omtrentlege. Ola Ø Rossehaug I samband med VA-utbygging, vil det bli lagt opp til fire nye tomter i Leirmoskog, sjå bilde(kun som illustrasjon)

 

 

 

 

Om Lom kommune:

Vakre Lom ligg i Nord-Gudbrandsdalen i Oppland Fylke, og grensar til Vågå, Skjåk, Luster, Vang og Lesja. Kommunen har eit areal på 1945 km2, og rundt 2340 innbyggjarar.
 
Lom er den mest typiske fjellkommunen i Noreg, med 135 eigne toppar og 23 grensetoppar over 2000 moh. Rundt 60% av arealet i Lom er verna  og kommunen har m.a. tre nasjonalparkar (Breheimen, Jotunheimen og Reinheimen). Sentrum fekk status som nasjonalparklandsby i 2008. Fossbergom er kjent for å vere eit triveleg handelssentrum, og har også lange tradisjonar innan reiseliv og landbruk. Heile Ottadalen er eit eldorado for deg som er glad i natur og friluftsliv, men det finst også eit overraskande stort tilbod innan kultur- og idrett. 

Kontakt

Leif Morten Plassen
Byggesakshandsamar,
Mobil 468 21 863

Kontor i 3. høgda på Midtgard - Sognefjellvegen 6