Oppmåling

For å kunne frådele ny grunneigedom eller opprette ny festegrunn for meir enn 10 år eller justering av eksisterande eigedomsgrense må det gjennomførast oppmålingsforretning (kartforretning). Dette betyr at grunneigedom eller festegrunn blir merka av med grensemerke, nøyaktig målt og kartfesta. Oppmålingsforretning kan også nyttast for å påvise eksisterande grense for heile eigedomen eller ei enkel grenseline.

Gjennomføringa av oppmålingsforretninga

Kommunen er oppmålingsmynde og har ansvaret for å halde kartforretning. Styrar av kartforretninga går opp grensene i marka saman med dei partane det gjeld. Styraren kan gjere mindre justeringar av eksisterande grense dersom partane ønskjer dette. Er det tvil om kor eksisterande grense går, er det mogeleg å la styraren avgjere dette som valdgiftsdommar. Det skal førast protokoll frå forretninga og grensene blir merkte og målt nøyaktig opp.

Målebrev

Etter forretninga utarbeider kommunen målebrev som viser grensepunkta, koordinatverdiar og kart. Målebrev over ny eigedom og grensejustering skal tinglysast. For kartforretning som berre dreier seg om eksisterande eiendomsgrenser uten grensejustering, er det ikkje krav om tinglysning.

Målgruppe for tenesta

Grunneigar som ønskjer å dele frå eigedom eller festegrunn.

Lovgrunnlag

Lov om eigedomsregistrering (Matrikkellova).

Rett til å klage

Behandling av klage etter reglane i forvaltningslova.

Kontakt

Stig Roar Mandal
Ingeniør
Mobil 454 03 444

Kontor på Midtgard, Sognefjellvegen 6.