Planar til høyring

På denne sida vil du finne oversikt over planar som er ute på offentleg høyring eller som er under behandling.

Kommunestyret i Lom har i sak 19/2018 gjort vedtak om godkjenning av «Detaljreguleringsplan for Brubakken».

I samsvar med plan- og bygningslova sin § 12-8 blir det med dette varsla oppstart av Detaljreguleringsplan for Brubakken, i Lom kommune. Oppdragsgjevar for planarbeidet er Lom kommune.

Planområdet omfattar kommunal veg Brubakken og bustad- og skuleareala nordover, avgrensa av Fv. 467 Solsidevegen og Rv. 15, totalt areal er 61,3 daa. Eigedommane Gnr./Bnr./Fnr. 70/19, 70/19/9, 70/1/7, 70/1, 70/110, 70/136, 70/312, 70/137, 70/183, 70/122, 70/1 196, 70/1/76, 70/182, samt vegareal på Fv. 467 Solsidevegen Gnr./Bnr. 161/12 og Rv. 15 Gnr./Bnr. 162/22 og 70/74.

Lom vilt- og innlandsfiskenemnd set fram forslag om reduksjon av minstearealet for hjort frå 3.000 til 2.000 dekar.

Skulle du hatt tilvisingsskilt? Etter å ha vorte kontakta av fleire innbyggjarar har Lom kommune sett i gang eit prosjekt for å få opp tilvisingsskilt.

Formannskapet har i møte 07.06.17 vedteke å leggje ut Trafikksikringsplanen for Lom kommune til offentleg ettersyn. Trafikksikringsplanen skal vere ein reiskap for å planleggje, samordne og gjennomføre arbeidet med trafikksikring i Lom, og innehalde prioriterte førebyggande og fysiske tiltak med lokal og tverrsektoriell oppslutning. 

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ved brev datert 07.03.2017 bede Lom kommune om å gjennomføre lokal høyring av plan for skredsikring i Ulstad.

Det er lagt ved tiltaksplan 11160 Plan for skredsikring Ulstad i Lom kommune, høyringsutgave datert 20.01.2017.  

Kontakt

Sander Sælthun
Plan- og miljøvernrådgjevar
Mobil 474 63 218
Leif Morten Plassen
Byggesakshandsamar
Mobil 468 21 863

Kontor i 3. høgda på Midtgard - Sognefjellvegen 6

Stig Roar Mandal
Ingeniør
Mobil 454 03 444

Kontor på Midtgard, Sognefjellvegen 6.