Renovasjon

Henting av avfall og gjenvinnbare fraksjonar frå abonnentar på renovasjonsordninga for Lom kommune og privat levering til Lom miljøstasjon.
 

Lom kommune er med i Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap (NGR).

Abonnentane blir oppmoda om å sortere avfallet mest mogleg og nytte seg av moglegheitene for levering til miljøstasjonen. Informasjon om sortert avfall som kan leverast gratis og mot betaling på miljøstasjonen, finn ein i hentekalenderen eller på orienteringstavle på miljøstasjonen.

Høg grad av sortering gjev mindre restavfall - dvs. mindre kostnader som i neste omgang kjem abonnentane til gode.

Fritidseigedomar som ligg inntil henterute for avfall kan henvenda seg til kommunen for å få utlevert sekkar jfr. § 10 i forskrift for kommunal revisjon

Gebyrkategori Pris utan MVA
A-abonnement – 36 sekker 2056,00 pr år
B-abonnement – 48 sekker 2361,00 pr år
C-abonnement – 24 sekker 1813,00 pr år
Fritidshus/hytter/sætrer
Gruppe 1 187,00 pr år
Gruppe 2 432,00 pr år
Gruppe 3 740,00 pr år
Fritidseigedomar som leverer til henterute får utlevert sekker etter henvending til kommunen, 12 sekker (Forskriften §10)
Tillegg for henteavstand 10 – 20 m 300,00.
Tillegg for henteavstand 20 – 30 m 500,00
Kjøp av rull med 12 sekker 432,00
Levering til Miljøstasjon
Næringsavfall blir fastsett i medhald av satsar frå NGR.
- Husstandane får levere gjenvinnbare fraksjonar og spesialavfall gratis. (Utover fastsett minstevolum blir det kravd gebyr som for næringsavfall).

 

Ekstra rull med sekkar får du kjøpt i servicetorget på Midtgard.

 

Målgruppe for tenesta

Eigarar/bebuarar på eigedom i Lom kommune - privateigedomar eller bedrifter - omfatta av kommunal renovasjonsordning

Slik får du tenesta

Sekkeabonnentar - heilårsbustader og fritidshus/hytter der det ikkje er utplassert oppsamlingscontainer - plasserar sekken ved veg som blir trafikkert av henterute.

Henteavstand er maks 10 m frå veg som henteruta køyrer. For henting av sekk utover denne avstand gjeld særskilte tilleggssatsar.

Eigarar av fritidshus/hytter/sætrer som ligg i område med utplassert oppsamlingscontainer, leverar avfallet til denne.

Bedrifter er ikkje pålagt å nytte den kommunale renovasjonsordninga men kan tinge abonnement direkte frå NGR, eller få sekkeabonnement gjennom kommunen etter nærare avtale med NGR.

Sekk som ikkje er av godkjent type (sekk med logo frå NGR) blir ikkje teke med av henteruta.

Lovgrunnlag

Lov av 13. mars 1981 nr 6 om vern mot forureining og om avfall kap. 5, med endring i lov av 11. april 2003.

Forskrift for kommunal renovasjon, Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja kommunar - FOR 2009-10-12 nr 1467 gjeldande 01.01.2010.

Rett til å klage

Abonnentar som vil klage i samband med renovasjonsordninga sender denne skriftleg til Lom kommune, Midtgard, 2686 LOM.

Bedriftsabonnentar sender klage direkte til NGR.

Dette kan du vente av oss

Henting og forsvarleg vidaresending av avfall i godkjent sekk i medhald av hentekalender.

Henting av returpapir og papp frå hushaldningar i medhald av hentekalender. 

Nyregistrering eller endring av renovasjonsabonnement. 

Behandling av evt. søknad om gebyrfritak.

Saksbehandlingstid

Det er fortløpande handsaming av saker som gjeld renovasjon.

Dette ventar vi av deg

God sortering av avfall slik at fraksjonane på enklaste måte kan vidaresendast til godkjent mottak.

At returpapir og papp frå hushaldningar blir sett ut i god tid slik at det blir med når innsamlingsruta blir køyrt.

Levering av avfall i godkjent sekk til fast leveringsstad. Sekken skal vera fylt berre til strek for oppfyllingsgrense, attbunden og plassert forsvarleg ved fast hentepunkt. 

Abonnent er sjølv ansvarleg for å sikre sekken mot "angrep" frå fugl og dyr.

Kontakt

Leif Morten Plassen
Byggesakshandsamar,
Mobil 468 21 863

Kontor i 3. høgda på Midtgard - Sognefjellvegen 6