Arbeidsgjevarkontrollen

Arbeidsgjevarkontrollen for Nord-Gudbrandsdal (AKNG) er felles for kommunane Dovre, Lesja, Lom, Sel, Skjåk og Vågå. Regionen har om lag 20 000 innbyggjarar og 1 100 arbeidsgjevarar. AKNG utfører stadlege kontrollar hos arbeidsgjevarane med heimel i Skattebetalingslova. I tillegg er informasjon om regelverket på lønsområdet ein viktig del av arbeidsoppgåvene. Det er Vågå kommune som er arbeidsgjevarkommune for dei tilsette.

Kontakt

Tatiana Hagen
Fagleiar arbeidsgjevarkontrollen
Mobil 416 67 821